Ph.d.-prosjektet har eit kvalitativt og sekvensielt design og utforskar pasienttryggingskultur og uønskte hendingar i litteraturen og i kirurgisk kontekst.
Hensikta med doktorgradsarbeidet er å auka forståinga for fenomena pasienttryggingskultur og uønskte hendingar i kirurgisk kontekst, identifisera aktuelle tema for kvalitetsforbetringsprosjekt og utdanning, og innhenta oppfatningar rundt årsaker til uønskte hendingar.
Prosjektet består av tre delstudiar:
- Ein scoping review som samanfattar litteratur om assosiasjonen mellom pasienttryggingskultur og uønskte hendingar, og identifiserer metodisk karakteristikk, styrkar, svakheiter og kunnskapshol i eksisterande litteratur.
- Ein kvalitativ studie med semistrukturerte djupneintervju med kirurgiske team. Studien skal innhenta medlemmer av det kirurgiske teamet sine perspektiv på fenomena.
- Ein kvalitativ studie med semistrukturerte djupneintervju med tidlegare kirurgiske pasientar. Studien skal innhenta pasientane sine perspektiv på fenomena.
Deltakarar
Samarbeidspartnarar
Akershus universitetssjukehus