English version

Persontilpassa legemiddelbehandling – legemiddelanalysar og farmakogenetikk

Dette prosjektet er ei kartlegging av variasjon i eksponering og respons av psykofarmakum.

Pasientar på psykofarmakum responderer ulikt på same legemiddel gitt i same dose.

Årsaker til dette er mange, mellom anna fysiologiske forskjellar, livsstil, bruk av andre legemiddel og ikkje minst genetisk fundert variasjon i enzym som bryt ned desse legemidla (farmakogenetikk).

I dette prosjektet undersøkjer vi årsaker til variasjon i legemiddelrespons (effekt/biverknader) og korleis ein i klinisk praksis kan tilpasse behandlinga til kvar enkelt pasient ut i frå kjennskapar til dei respektive årsakene.

Vi er spesielt interesserte i å identifisere nye genetiske variantar i tillegg til nye biologiske biomarkørar som kan predikere legemiddeleffekt før behandling.

Deltakarar

Laster inn ...

Samarbeidspartnarar

Karolinska Institutet, Institusjonen for fysiologi og farmakologi, Sverige.