Dette prosjektet vil etablera ei ung brukarmedverknadsgruppe ved Senter for intelligent muskelskjeletthelse (CIM).
Brukarmedverknad er ein obligatorisk del av helseforsking.
Ved Senter for intelligent muskelskjeletthelse (CIM) har me etablert ei brukarmedverknadsgruppe beståande av ungdom og unge vaksne (16-29 år) som opplever smerter med eller utan psykiske plager.
Formålet med denne gruppa er å involvera brukarane i alle fasar av dei igangverande og nye forskingsprosjekta våre retta mot ungdom og unge vaksne, slik at forskinga blir meiningsfull og relevant for denne aldersgruppa.
Ungdom og unge vaksne utgjer ei sårbar gruppe som kan vera utfordrande å involvera, spesielt over tid.
Ved å ikkje involvera brukarar i denne aldersgruppa, er det ein risiko for å gjennomføra prosjekt med liten betydning og relevans for ungdommar og unge vaksne.