Prosjektet er ein litteraturgjennomgang av forsking på unge i trafikken.
I dette prosjektet skal vi gjennomføre ein litteraturgjennomgang av forsking på haldningar og åtferda til unge i trafikken, og dessutan dei unge sine vanar og livssituasjon meir generelt i Noreg.
Unge sjåførar (16–24 år) er ei særleg utsett gruppe i trafikken, med høgare risiko for ulykker samanlikna med meir erfarne sjåførar. Kva som kjenneteiknar unge av i dag, og kva utviklingstrekk ein ser, er derfor viktig for å forstå dei unge sine haldningar og åtferd i trafikken.
Kunnskapen prosjektet får fram er relevant for utvikling av meir treffsikre og effektive tiltak for å redusere alvorlege trafikkulykker blant unge.