Målet med prosjektet er å få auka kunnskap om fysioterapeutar og fastlegars vurderingar rundt val av behandling for pasientar med langvarige muskel-skjelettsmerter.
Kloke val-kampanjen har bidrege til å setja omgrepet nytteverdi på dagsorden. Diskusjonar rundt nytteverdi av fysioterapi blir gjerne knytt til langvarige muskel-skjelettsmerter.
Det er fordi pasientar med denne typen plager ofte oppsøkjer fysioterapi for hjelp, og fordi behandlinga av slike plager er svært uvisse.
Gjennom å bruka psykomotorisk fysioterapi som døme, vil me i dette prosjektet sjå nærare på kva for nokre praktiske problemstillingar som reiser seg når fysioterapeutar skal vurdera nytteverdien av behandlinga.
Kva for nokre reelle val har terapeutane i den kliniske kvardagen sin? Samarbeid med fastlegen står sentralt i psykomotoriske fysioterapeutars vurderingar rundt behandlinga.
Kva problemstillingar reiser seg når terapeutane skal vurdera behandling ut frå samarbeidsmoglegheiter med fastlegen?
For å undersøkja dette vil me bruka fokusgruppeintervju av både psykomotoriske fysioterapeutar og fastlegar.