– Ei breiare og djupare krise

bekymret mann kikker på mobilen mens han går

– No kjem renteaukane inn med full tyngd, og vi byrjar å sjå betalingsproblem, seier Christian Poppe, som er ute med ein ny rapport i serien av undersøkingar om dyrtid og økonomisk tryggleik.

Dei ferske tala frå mars viser at fleire har fått ein tøffare kvardag samanlikna med august. I mars 2023 har 18 prosent av hushalda økonomiske utfordringar, og av desse er 153 000 ille ute.

– Det har blitt litt verre for mange. Det har blitt tyngre for dei som har minst å rutte med. Vi ser ei breiare og djupare krise, seier Poppe.

Nedgangen har ikkje vore like kraftig som i haust, noko som blant anna kjem av straumstøtta. Den har hjelpt mange.

– Regjeringa har gjort ein del målretta tiltak som har verka, men renteoppgang og prisstigninga tek dei pengane ganske fort, seier han.

Renter gir betalingsproblem

Andelen som har problem med å betale rekningar, renter og avdrag på lån, har auka frå 12 til 16 prosent sidan august. Blant dei som har lågast økonomisk tryggleik er det 68 prosent som oppgir at dei har betalingsproblem.

Folk merkar no renteoppgangen. Opptil 7 prosent av bustadeigarar med lån som er sikra i bustaden slit med å betale renter og avdrag, og 3,5 prosent mislegheld både bustadlånet og andre typar krav. I tillegg er 14 prosent av bustadeigarar med bustadlån eller rammelån bekymra for økonomien i tida som kjem.

I den nye målinga er handtering av bukostnader teke med for første gong. Dette inkluderer renteutgifter, husleige og fellesutgifter. 6 prosent av alle hushald har misleghalde bukostnader dei siste seks månadene, og mange har vore nøydde til å endre forbruket sitt. For å få råd til buutgifter oppgir til dømes 29 prosent av leigarane at dei sparer inn på matbudsjettet, 32 prosent reduserer straumbruken og 27 prosent reduserer andre utgifter.

– Der det er knappast blir konsekvensane meir dramatiske, seier Poppe.

Lågare tryggleik for fleire

Forskarane deler befolkninga i fire nivå av økonomisk tryggleik. Den største gruppa er økonomisk trygge. Andelen har halde seg stabil på 49 prosent sidan august, etter å ha gått kraftig ned sida 2021.

Dei seinaste åra har altså fleire hamna på dei nedste tryggleiksnivåa. Berre på dei siste seks månadene har andelen hushald på dei to lågaste nivåa auka frå 16 til 18 prosent. Det betyr at fleire må stramme inn på forbruket og er nøydde til å prioritere kva dei bruker pengar på. Samtidig aukar forskjellane i samfunnet mellom dei som er trygge og kan bruke pengar som før, og dei som må stramme inn på alle frontar.

Slik er fordelinga i mars 2023 (tilsvarande tal for 2022 i parentes):

Poppe er bekymra for mellomgruppene, der mange er i ferd med å tappast for sparepengar og er i fare for å rykkje ned til tryggleiksnivåa under.

Går ut over helsa

Fleirtalet av hushalda klarer seg bra, men dyrtid og auka prisar fører til at forskjellane i samfunnet aukar. Forskarane er bekymra for dei sosiale og helsemessige konsekvensane.

22 prosent av alle i undersøkinga oppgir at dei reduserer den sosiale omgangen sin. Blant dei som er ille ute økonomisk gjeld det heile 71 prosent. Mange kuttar lege, tannlege og medisinar.

– Dyrtida går ut over fysisk og psykisk helse. Dette ser vi tydelegare denne gongen. Dette kan få langtidsverknader som kan bli dyrt for samfunnet på sikt, seier Poppe.

Dobling på matstasjon

Det er også ei dobling frå to til fire prosent som oppgir at dei oppsøkjer matstasjonar, og fleire enn i fjor oppsøkjer NAV.

– Det er små tal, men det er svært alvorleg for dei titusen som slit, seier Poppe.

Det er framleis dyrtid

– Dyrtida er no inne i sitt andre år, og vi ser at eit skilje veks fram mellom eit fleirtal som klarer seg bra og eit mindretal som slit med økonomiske, sosiale og helsemessige konsekvensar, seier Poppe.

– Prisane har på ingen måte stabilisert seg enno. Dei vil nok på sikt stabilisere seg på eit høgare prisnivå enn vi er vande til, noko som er litt utanfor norsk kontroll, trur han.

– Vi må nok venne oss til eit høgare prisnivå. Ein dryg halvpart av hushalda ser ut til å klare seg bra. Dei vil tilpasse seg. Men vi må ikkje gløyme at det er mange som slit, seier han.

Les heile rapporten

Christian Poppe og Elaine Kempson: Dyrtid III. Husholdenes økonomiske trygghet i mars 2023 (oda.oslomet.no). SIFO-rapport nr. 3-2023

Rapporten er skrive på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet. 

Kontakt

Laster inn ...

Relatert forsking

Bekymret mann foran pc.
Flere må velge mellom strøm og mat

Nesten alle må tilpasse seg høyere priser, og for noen står valget mellom strømregningen og mat.

familie i samtale om økonomi rundt en pc
– Viktigere enn på lenge å sette opp et budsjett

I en tid med økonomisk usikkerhet er det ekstra viktig å sette opp budsjett. Her er forskerens beste tips til hvordan du enkelt får det til.

mann og kvinne studerer priser i en dagligvarebutikk
En av tre husholdninger har fått dårligere økonomi det siste halvåret

En ny rapport avdekker hvordan vi håndterer de økende levekostnadene.

Publisert: 19.06.2023
Sist oppdatert: 19.06.2023
Tekst: Kjersti Lassen
Foto: Plainpicture