Olja kan sinka det grøne skiftet i Vestland i fleire år. Korleis skal dei løysa det?

Ei ferje på ein fjord på Vestlandet med eit cruiseskip i bakgrunnen, omkransa av høge fjell med snø og grøne fjellsider med spreidde hus.

– Hovudmålet har vore å setje søkjelys på berekraftsutfordringar i Vestland, for å sikra at komande planar betre kan sikra ei berekraftig regional utvikling, seier prosjektleiar Heidi Bergsli, forskar ved NIBR på universitetet OsloMet.

Vestland er det tredje største fylket i landet, målt i folketal og arbeidsplassar. Men det er landets største målt i eksportverdi og klimagassutslepp. Det har store naturressursar og unike naturlandskap og -verdiar å forvalta, både i ein nasjonal og internasjonal kontekst.

Fylket har òg særskilde utfordringar knytt til aukande klimagassutslepp, nedbygging av verdifulle mat- og naturareal og dessutan negativ utvikling i natur- og artsmangfaldet.

Det er felt som særleg blir påverka av næringsstruktur og -utvikling, transport- og reiselivsutfordringar og utbyggingsmønster.

– Samfunnsendringar me skal gjennom for å møta klima- og naturkrisane, vil krevje nye måtar å jobba og samhandle på, seier Liz Eva Tøllefsen i Vestland fylkeskommune.

For å klargjera kva endringar som trengst, fekk fylkeskommunen inn forskarar frå By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved OsloMet for saman å utarbeida eit kunnskapsgrunnlag som skal peike på moglege utviklingsretningar framover.

Ujamn utvikling

– Delar av samfunnsutviklinga i fylket dei seinare åra har gitt auka utfordringar med å nå enkelte mål om berekraftig og balansert utvikling, seier Knut Onsager, forskar ved NIBR og ansvarleg for ein regional analyse utarbeidd for Vestland.

Fylket har til dømes ei svært ujamn geografisk utvikling i befolkning og arbeidsplassar.

Stort sett heile netto-tilveksten av folk kjem i storbyregionen Bergen – sjølv om fylket òg har småby-regionar med litt tilvekst.

– Resten av fylket består av mange distriktskommunar med svært ujamn utvikling, mange med befolkningsnedgang og aukande utfordringar med å oppretthalde velferdstenestar og servicetilbod, seier Onsager.

Fylket har dessutan nettoutflytting av unge vaksne til Austlandet, og er slik sett negativt påverka av enkelte sentraliserings-prosessar nasjonalt.

Portrettbilete av Heidi Bergsli som ser i kamera og smiler, med mørkeblått skjerf og svartkåpe, inntil ein kvit murvegg.

Aukande utanforskap

Onsager fortel at fylket elles har berekraftsutfordringar knytt til utanforskap for unge vaksne og innvandrarar, og elles for høgt fråfall i vidaregåande skula.

– Her er store ubrukte menneskeleg ressursar, seier han, og legg til:

 – Det er og stor mangel på arbeidskraft til velferdstenestar, det grøne skiftet og nye framtidsretta næringar i ulike delar av fylket.

Det skjer samtidig som det er full gass og sterk sysselsetjingsvekst i olje- og gass-sektoren med relaterte næringar - blant anna som følgje av skattepakken til Stortinget til næringa for tre år sidan.

Den nasjonale olje- og gasspolitikken kan framleis bidra til å svekkje omstillingsevna i Vestland i fleire år. Det kan også hemma tempoet i det grøne næringsskiftet, som er nødvendig for ein meir framtidsretta berekraftig næringsstruktur i fylket, seier Onsager.

Nye metodar

Bergsli og Onsager har jobba med å utvikla eit kunnskapsgrunnlag for den regionale utviklingsplanen i Vestland, det vil seie ein regional strategi for framtida.

Vestland fylkeskommune har med det teken i bruk heilt nye metodar for å sikra ein meir heilskapleg plan for fylket.

Ved å samarbeida med forskarar, konsulentar og samfunnsaktørar, og henta inn brei innsikt gjennom spørjeundersøkingar, har Vestland skapt eit nytt grunnlag for ei kunnskapsbasert, inkluderande, og berekraftig regional utvikling.

Samproduksjon, som metoden heiter, brukast spesielt innan utfordrande styringsområde, og samarbeidet har til dømes gitt Vestland innsikt i berekraftsutfordringar som klimaendringar, demografi, sosial ulikskap og økonomi.

– Tilnærminga gir moglegheit til å forstå problema på nye måtar, seier Bergsli.

Kunnskapsgrunnlaget for utviklingsplanen omfattar tre hovuddelar:

NIBR har hatt ansvar for den regionale analysen, medan fylkeskommunen sjølv har utarbeidd folkehelseoversikta.

Utfordringsdokumentet er utvikla av alle partar på grunnlag av ein framsynanalyse (scenarioa, sjå lengst nede i saka), ei spørjeundersøking og bruk av eksisterande plankunnskap frå Vestland fylkeskommune.

Med særleg grunnlag i den regionale analysen har prosjektet nytta FN sine tilrådde handlingsområde og omset dei til den regionale konteksten i Vestland, der fem utfordringsområde er identifisert:

Deltakarar i prosjektet

  • Heidi Bergsli, Knut Onsager og Lars Monkerud ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved OsloMet
  • Jan Dietz ved Dietz Foresight AS
  • Aase Kristine Lundberg ved Nordlandsforskning
  • Vestland fylkeskommune

Frå kunnskap til handling

Kunnskapsgrunnlaget har mellom anna definert ulike utfordringsområde for Vestland i framtida. Det gjer eit grunnlag for å vidareutvikle den viktige samfunnsutviklar-rolla som fylkeskommunen har, og dreia verkemedel og tenester mot grøn og rettferdig omstilling.

Vestland fylkeskommune er bestemt på å gjere om kunnskapen til handling.

Det inneber å innlemma funna frå samproduksjonen og spørjeundersøkingane i arbeidet med den kommande utviklingsplanen, der fylkeskommunen mellom anna skal ha dialogmøte i dei ulike regionane.

– Der skal me gå i djupna på dei ulike utfordringsområda som kunnskapsgrunnlaget har definert, og utfordra kommunane på korleis me i fellesskap møter og finn løysingar på desse, seier Liz Eva Tøllefsen i Vestland.

Når utviklingsplanen er vedteken skal den vere eit levande verktøy for å styra utviklinga til regionen i tråd med berekraftsmål og regionale behov.

– Det vil krevje organisatoriske endringar hjå oss, frå sektororganisering til heilskapleg samfunnsplanlegging som speglast både i regionalt planverk og verkemiddelapparatet, seier Tøllefsen.

Portrettbilete av Knut Onsager med kort hår, grått skjegg og blå T-skjorte, som ser i kamera med eit smil.

Ny praksis

Onsager understrekar at det ikkje treng å sjå så mørkt ut for Vestland. Fylkeskommunen har moglegheiter.

– Fylkeskommunen kan sjølv satsa ytterlegare på å stimulera det grøne skiftet, til dømes gjennom innovasjon i næringslivet og å styrke satsinga på nullutslepp i kollektiv transport, seier han.

Bergsli er einig. Ho viser til at dei som ein del av prosjektet har utforska fire framtidsscenario (sjå lengst nede).

– Dei gjer grunnlag for å diskutera store samfunnsutfordringar, som me veit vil vere viktige, men som ikkje er føreseielege i korleis dei spelar seg ut, seier ho.

Samarbeidet og kunnskapsgrunnlaget er peika på som ei viktig løysing for å møta berekraftutfordringane, ved sidan av innovasjon i offentleg sektor og forsking.

– Får me til ein like god samskapingsprosess i utarbeiding av planen som av kunnskapsgrunnlaget, så kan det danna ny praksis for korleis me jobbar med komplekse problemstillingar i heile Vestland fylkeskommune, seier Tøllefsen i Vestland.

Scenarioa for 2040

Prosjektet har utforska eksterne faktorar, truslar og moglegheiter gjennom framsynsverkstadar, der ein rekkje samfunnsaktørar frå Vestland deltok i å utvikla scenario.

Arbeidet vart leia av konsulent Jan Dietz, og munna ut i fire ulike scenario for Vestland anno 2040:

Kvart scenario har sine unike utfordringar og moglegheiter.

Nøysame Vestland handlar om at Vestland og Noreg opplever ein tøffare røyndom etter å ha trekt i naudbremsen for å nå nullutsleppsmålet.

I scenarioet Tryggleiksvestland må fylket ta eit endå tyngre ansvar for norsk og europeisk energitryggleik og forsyningstryggleik i ei uroleg tid.

I KI-drivne Vestland har fylket mista unge med yrkesfagleg kompetanse og satsar på kunstig intelligens for å redda velferda.

Medan i scenarioet Klimaherja Vestland, vert fylket råka av stadig fleire og meir brutale klimaendringar og naturhendingar, noko som utløyser forvirring og panikk.

Scenarioa gir eit djuptgåande innblikk i korleis Vestland kan utvikla seg dei neste tjue åra, og peiker retning for diskusjonen om korleis ein skal  møta utfordringar i framtida.

Referansar

 

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Oslo Barcode under oppføring, sett fra E18 under Ekebergskrenten, i skumring.
Ti bud for klimaledelse i byen

Hvordan gå fra ambisiøse klimamål til lokal handling? Her er ti bud for god klimaledelse.

Illustrasjonsbilde av en norsk småby i Lofoten
Småbyene får lite oppmerksomhet i norsk politikk

Ifølge en ny NIBR-rapport faller småbyene ofte mellom to stoler - utkantene og storbyene.

Illustrasjonsfoto: Fluefisking i Reisaelva i Troms
Forvaltningen av norske vannressurser på god vei, men fortsatt sårbar

Det går stadig bedre med forvaltningen av vannet i Norge, men usikkerhet rundt organisering og finansiering er en utfordring for det langsiktige arbeidet. Det viser ny NIBR-rapport.

Publisert: 13.11.2023
Sist oppdatert: 30.11.2023
Tekst: Kristin Horn Talgø | Tone Thorgrimsen
Foto: Canva