Forsking ved KAI

Ei rekke forskingsprosjekt, -grupper og -nettverk er knytt til Kompetansesenter for arbeidsinkludering, både direkte og indirekte. Her finn du ei oversikt over alle som hører heime under KAI-paraplyen.

Forsking er ein viktig del av KAIs arbeid og mandat. Forskinga innanfor KAI dekker eit breitt felt, og fagpersonar som studerer eller underviser i tiltak og mekanismar for inkludering og ekskludering av arbeidslivet på makro-, meso- eller individnivå er relevante for KAI.

Eit viktig formål er å utvikla inkluderingskompetansen i norsk arbeidsliv. Kva er det verksemder og støtteapparatet treng av kunnskap for å auka arbeidsinkluderinga, kva er relevant kunnskap og korleis kan ho takast i bruk.

Pågåande prosjekt

Gjennomførte prosjekt

Nettverk for inntektssikringsforskning

I regi av Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI) har    det blitt etablert *eit nettverk for inntektssikringsforsking ved OsloMet. Formålet med nettverket er å skape synergi og samarbeid mellom *forskarar og miljø som er engasjert i forsking knytt til inntektssikring.

Arbeidsutvalg for nettverket

Laster inn ...

Medlemmer

Laster inn ...

Nettverk for forsking om funksjonshemming

Eit forskarnettverk ved Velferdsforskningsinstituttet NOVA på OsloMet som samlar kompetanse på tvers av seksjonar og fag, inkludert forskarar frå resten av OsloMet.

Vi er opptatte av levekår og korleis kontekstuelle forhold legg til rette for eller avgrensar individs inkludering i utdanning, arbeid og på sosiale arenaer.

Vår viktigaste aktivitet er å arrangere arbeidsseminar med eksterne og interne foredragshaldarar og lunsjseminar der vi møtest for å diskutere artikkelutkast. 

Nettverk for forsking om funksjonshemming

CUBB – Center for Udvikling af Borgerinddragende Beskæftigelsesindsatser

Center for Udvikling af Borgerinddragende Beskæftigelsesindsatser (CUBB) er eit partnarskap mellom forskarar frå Aalborg Universitet og praktikarar frå dei kommunale sysselsettingsinnsatsane.

Gjennom dialogisk kunnskapsproduksjon og -mobilisering har dei eit tett samarbeid mellom forsking og praksis, med sikte på å omstille dei offentlege sysselsettingsinnsatsane og forbetre sysselsettingsmoglegheitene til borgarane.

CUBB –  Center for Udvikling af Borgerinddragende Beskæftigelsesindsatser (cubb.aau.dk)

KAI-seminaret

Kai-seminaret er eit nettverk av forskarar som har tilhøyrsel til OsloMet, Høgskolen i Innlandet, Universitetet i Søraust-Noreg og NAV.

Seminaret bidreg med

  • å sette forsking om arbeidsinkludering på dagsorden
  • erfaringsutveksling og kunnskapsdeling
  • utvikling av arbeidsinkludering som forskingsfelt

Om du ønskjer å bli med i nettverket eller har spørsmål, kan  du kontakte fagansvarleg Talieh Sadeghi.

Laster inn ...