Livslang læring ved Fakultet for teknologi, kunst og design

Vi tilbyr etter- og vidareutdanning, konferansar, seminar, prosjekt og eksterne oppdrag innan fagområda til fakultetet.

Fakultet for teknologi, kunst og design følgjer opp kompetansereforma til regjeringa, «Lære heile livet», og ønskjer å styrkja arbeidet med livslang læring.

Fakultetet samarbeider tett med praksisfeltet, arbeids- og næringsliv, om utvikling av etter- og vidareutdanningstilbod (EVU) innan fagområda til fakultetet. Tiltaka for heving av kompetanse blir skreddarsydde etter oppdragsgivars ønske og behov.

Kva er forskjellen på etter- og vidareutdanning?

Etterutdanning

Kurs som gir vedlikehald og oppdatering av kompetanse innanfor eksisterande utdanningsnivå og stilling. Det dreier seg om kortare kurs som ikkje fører fram til formell eksamen eller kompetanse i form av studiepoeng. 

Vidareutdanning

Emne som gir ny formell kompetanse på universitets- og høgskulenivå. Emna er underlagde ordinære eksamens- og vurderingsordningar, og gir utteljing i form av studiepoeng innan eller utanfor gradssystemet.

Vidareutdanning er spesielt tilrettelagd med omsyn til målgruppe, fagleg innhald og pedagogisk tilnærming, og har ein intensjon om å vera tilpassa behov i samfunns- og arbeidsliv. Det blir gjennomført eigne opptak til vidareutdanningar.