Fakultetsstyret
Fakultetsstyret ved Fakultet for teknologi, kunst og design er fakultetet sitt øvste organ.
Fakultetsstyret skal
- setje fast mål, prioriteringar og tiltak for verksemda ved fakultetet, i samsvar med lov, forskrift og reglar, og rammer og mål gitt av universitetsstyret, rektor eller den rektor bemyndiger
- uttale seg på vegne av fakultetet i saker som har noko å seie prinsipielt, eller i saker der rektor har bede fakultetsstyret handsame saka
- handsame rapportar som skal sendast frå fakultetet til rektor
FoUI-utvalet
FoUI-utvalet ved Fakultet for teknologi, kunst og design, rådgjevande for fakultetsleiinga og med avgjerdsmakt i enkeltsaker.
Doktorgradsutvalet (DGU)
Doktorgradsutvalet ved Fakultet for teknologi, kunst og design skal medverke til å utvikle fakultetet si forskarutdanning
Informasjons-, drøftings- og forhandlingsmøtet (IDF)
Tilsette ved Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD) har medbestemming gjennom Informasjons-, drøftings- og forhandlingsmøtet (IDF), der tenestemannsorganisasjonane og fakultetsleiinga er representerte.
Tenestemannsorganisasjonane er representerte med tillitsvalde.
Sjå oversikt over medlemmer og sakspapir for IDF ved TKD (opengov.360online).
Lokalt arbeidsmiljøutval (LAMU)
LAMU er eit samarbeidsorgan som arbeider for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, ved at utfordringar vert handterte så nær dei tilsette sin kvardag som råd, og med den lokale kompetansen medlemmene av LAMU har.
Lokalt arbeidsmiljøutval (LAMU) på TKD (opengov.360online.com) – saksdokument og medlemsoversikt.
Tilsettingsutval og råd
Tilsettingsutval og råd på TKD har avgjerdsrett for tilsetting i alle stillingar er delegert til fakultetet, med enkelte unntak.
Studentane sitt fakultetsråd
Studentane sitt fakultetsråd på TKD (studentparlamentet.no) er studentene sitt organ på fakultetsnivå.
Utdanningsutvalet ved TKD
Utdanningsutvalet ved TKD tek avgjerder i ein del utdanningsrelaterte saker delegert av dekanen.