– Eg har alltid hatt eit brennande ønskje om å studere noko innan helse, seier Kjell Rune Sellin.
Med mor og søsken som jobbar i helsevesenet, har det vore naturleg å tenkje at han sjølv også skulle gå i den retninga.
– Eg vurderte barnevernstudiet, det å bli barnevernspedagog har vore noko eg har tenkt på i mange år. Men etter å ha jobba som skuleassistent på Skjetten skole i ein periode, landa eg på bachelorstudiet i vernepleie.
– Det gir veldig varierte jobbmoglegheiter. Eg likte godt å jobbe i skulen, men kan også tenke meg å jobbe i rusomsorga eller i fengsel, fortel Kjell Rune.
Som vernepleiar kan han bidra til at personar med nedsatt funksjonsevne får moglegheit til utvikling og livsutfolding på lik linje med andre.
Jobbmoglegheitene er blant anna i ulike delar av helse- og omsorgssektoren, samt i skule- og barnehagesektoren.
Fotball i 1. divisjon
Sidan han var 19 år gamal har det imidlertid vore fotballen Kjell Rune har via tida si til. Som toppidrettsutøvar i klubbar som Rosenborg, Aalesund og Fredrikstad har han hatt nok å gjere.
Det var då han fikk kontrakt med 1. divisjonslaget Strømmen i 2019 at han byrja å undersøke moglegheitene for studiar ved OsloMet på Kjeller.
Å kombinere fotball og studiar har i følgje Kjell Rune gått veldig bra.
– Universitetet har vore veldig flinke til å tilrettelegge. Med mykje digital undervising har eg kunne fulgt førelesingar sjølv om eg har vore ute på reise med laget, seier han.
Vernepleie – ei breid helseutdanning
Gjennom vernepleiarstudiet vil Kjell Rune få kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar, dei vanlegaste somatiske sjukdommane, psykiske lidingar og konsekvensar av desse.
Utdanninga har stort fokus på likeverd, inkludering og respekt for enkeltmenneske sin integritet.
Studentane får særleg kompetanse innan miljøterapeutisk arbeid, habilitering og rehabilitering, helsefremjing og helsehjelp, samt kompetanse om samansatte behov og utviklingshemming.
Eg likar å jobbe med menneske og har alltid vore opptatt av rettferd. Eg er absolutt ikkje en dømmande fyr og syns det er viktig å stå opp for dei sårbare i samfunnet. Så langt syns eg vernepleiarstudiet har vore veldig interessant. Den delen som handlar om adferdsanalyse syns eg er utroleg spanande.– Kjell Rune Sellin
Dei gode jobbmoglegheitene som vernepleiarar har, er ein stor bonus. Sidan Kjell Rune er ein såpass vaksen student, ser han fram til å komme på plass også i yrkeslivet.
– Eg syns det virkar som ein interessant og spanande jobb å vere vernepleier.
Fleire menn enn forventa tek vernepleie
31-åringen visste på førehand at mange helseretta studiar er kvinnedominerte, men vart positivt overraska over at det er så stor andel mannlege studentar som studerer vernepleie.
Han gler seg til dei kan vere meir saman på campus, og ikkje berre på videomøte.
– Det har vore mange fine diskusjonar på Zoom. Eg gler meg til å bli kjent med fleire av mine medstudentar, seier Kjell Rune.