Kort om
Lærarutdanning, RLE. Eg er opptatt av ein verds-sentrert fagdidaktikk, i tråd med G. Biesta sitt fokus på undervisning som eit peike-arbeid. Læraren skal styra merksemd ikkje først og fremst mot eleven eller læraren sjølv, men peika i retning eit interessant stykke av verda. Denne verda, som vi rettar merksemda vår mot, møter oss som ein ikkje-enkel, samansett størrelse. Difor vil det skulefaglege arbeidet med eit tema som religion, livssyn og etikk femna om ei breidde i innfallsvinklar og arbeidsmåtar. Eg er opptatt av å utforska eit slikt pedagogisk og filosofisk verdsomgrep og hentar inspirasjon til det frå tenkjarar som J.-L. Nancy, H. Arendt, P. Ricoeur, M. Serres og W. Klafki.
Eg interesserer meg for religions- og livssynsdidaktikk innafor ei fellesfagleg ramme, kunnskap i skulefagleg samanheng, historisk tekstarbeid, religionshistorie (særleg det gamle Midtausten – Israel, Egypt, Mesopotamia, Ugarit – og kristendommen som ein antikk religion), Det gamle testamente / Tanak som kulturelt korpus, etikk og moralfilosofi og religion som diskursiv størrelse.
Med min eigen fagbakgrunn i religionsfilosofi og -hermeneutikk er eg særleg opptatt av dei idéhistoriske og filosofiske sidene ved ulike religionar og sekulære livssyn. På master- og phd-nivå underviser eg gjerne i kunnskapsteori, humanistiske fagperspektiv, profesjonsteori, fenomenologi og vitskapsfilosofi.
In the beginner’s mind, there are many possibilities. But in the expert’s mind, there are few.
/S. Suzuki