Prøveforelesing varer frå 10.00-10.45, og tittel er "Korleis har norsk kulturpolitikk utvikla seg dei siste to tiåra, og kor plasserer kunstmusea seg i denne utviklinga?"
Doktoranden vil offentleg forsvara avhandlinga frå kl. 12.00.
Komiteen er:
- Første opponent: Professor Hans Dam Christensen, Universitet i København
- Andre opponent: Forskar Ole Marius Hylland, Telemarksforsking
- Tredje opponent: Førsteamanuensis Åse Kristine Tveit, OsloMet – storbyuniversitetet
Leiar for disputasen er prodekan Nathalie Hyde-Clarke, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet.
Rettleiar er professor Håkon Larsen, OsloMet – storbyuniversitetet.
Samandrag
Stigande kunstprisar, avgrensa innkjøpsbudsjett, aukande driftskostnadar, stagnerande eller minkande inntekter, og auka konkurranse om besøkjande, gjer at offentleg finansierte kunstmuseum står overfor fleire utfordringar. Desse utfordringane forsterkast av ein global museumsboom, samt ein markant auke i private samlarar og kunstmuseum. Som eit resultat blir offentleg finansierte kunstmuseum i aukande grad avhengige av samarbeid med private kunstsamlarar for å berika samlingane sine og låne verk for utstillingar.
I Noreg er store samarbeid mellom offentleg finansierte kunstmuseum og private kunstsamlarar ein relativt ny trend. Dette utfordrar etablerte normer og vekkjer uro blant aktørar i kunstfeltet. Ved å analysere mediedebatten rundt samarbeidsavtalen mellom Nasjonalmuseet og Fredriksen Family Art Company Ltd., og ved å intervjue museumsdirektørar og private kunstsamlarar, gir denne avhandlinga innsikt i desse aktørane sine perspektiv. Målet med avhandlinga er å forstå spenningane, utfordringane, og moglegheitene desse samarbeida fører med seg.