Strategisk handlingsplan for Fakultet for helsevitskap 2025–2030

Planen skal bidra til å oppfylle dei strategiske måla til OsloMet samtidig som han tek omsyn til særpreg ved forskinga og utdanninga til fakultetet og konkretiserer mål for verksemda vår.

Strategisk handlingsplan byggjer på OsloMet sin universitetsstrategi og delstrategiar for utdanning, forsking og utvikling og samfunnsforbetringar. Planen vil bli operasjonalisert gjennom tiltaksplanar.

Samfunnet står overfor store utfordringar dei neste 50 åra. Utanforskap er ei aukande bekymring, befolkningssamansetninga blir endra, og me får stadig fleire eldre med komplekse helseutfordringar og stort behov for helsehjelp.

Samtidig vil helse-, omsorgs- og velferdstenestene oppleve mangel på kvalifisert arbeidskraft. Dette set tenestene under press og gir store omstillingsbehov. Arbeidsprosessar må endrast, og nye teknologiske løysingar og kunstig intelligens vil få ein stor plass i utviklinga av heilt nye typar tenester.

Fakultet for helsevitskap har ei sentral rolle i denne omstillinga, både som utdanningsinstitusjon og kunnskapsleverandør for tenestene. Me tilbyr eit breitt spekter av utdanningar innan helse- og åtferdsvitskap og utdannar kandidatar til dei fleste helseprofesjonar.

Målet vårt er å vere den største leverandøren i landet av kandidatar med helsefagleg høgare utdanning. Kandidatar som blir utdanna hos oss skal ha relevant og framtidsretta kompetanse, vere i stand til å ta i bruk ny teknologi, og bidra til å levere berekraftige tenester med høg omstillingsevne. I det ligg også eit ansvar for å tilby etter- og vidareutdanningar som oppdaterer dei tilsette i tenestene.

Me skal ha sterke forskingsmiljø som leverer forskingsbasert kunnskap og innovative løysingar som bidrar til nødvendig omstilling og utvikling. Me skal ha forsking i heile aksen frå grunnleggjande til anvend forsking og forskinga vår skal ha høg etisk standard og integritet, og vere open og ansvarleg.

Me skal vere synlege og relevante og samarbeide tett med eit breitt spekter av offentlege og private aktørar, inkludert helse-, omsorgs- og velferdstenester, offentlege organ, interesseorganisasjonar og næringsliv. Me skal vere tett på, men også ha eit kritisk blikk på tenestene og bidra til kontinuerleg kvalitetsutvikling gjennom målretta endringsarbeid. Me skal vere forankra i storbyregionen, men samtidig ha både eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv.

Hovudmål 1

Fakultetet skal tilby utdanningar av høg kvalitet og sikre studentdemokrati og godt læringsmiljø.

Delmål 1

Tilby relevant, fleksibel, framtidsretta og forskingsbasert utdanning.

Me skal

Delmål 2

Studentar skal ha eit studiemiljø som fremmar læring, trivsel og tilhøyrsel. 

Me skal

Hovudmål 2

Fakultetet skal ha kultur for forsking og høg forskingsaktivitet som blir kjenneteikna av kvalitet og relevans.

Delmål 1

Styrke forsking innan helse og teknologi, inkludering av barn og unge, og berekraftige helse-, omsorgs- og velferdstenester.

Me skal

Delmål 2

Vidareutvikle konkurransedyktige forskingsmiljø på internasjonalt nivå.

Me skal

Hovudmål 3

Fakultetet skal bidra til samfunnsforbetring gjennom partnarskap og innovasjon.

Me skal

Hovudmål 4

Fakultetet skal møte krav til omstilling og endra rammevilkår, samtidig som me varetek eit helsefremjande arbeidsmiljø og er ein attraktiv arbeidsgivar.

Delmål 1

Bevare og styrke eit helsefremjande arbeidsmiljø og samtidig imøtekomme krav til omstilling.

Me skal

Delmål 2

Møte kompetansebehov i heile fakultetsverksemda.

Me skal

Delmål 3

Vere pådrivar for at ny campus på Lillestrøm blir attraktiv for studentar og tilsette på fakultetet.

Me skal bidra til å utvikle innhald for campus Lillestrøm som gir gode føresetnader for ein levande campus tilrettelagd for tverrfaglege og tverrprofesjonelle arenaer, effektivisering og samhandling internt og eksternt.

Strategien til OsloMet

  • OsloMets strategi

    OsloMets strategi gir retning for universitetet frem mot 2050. OsloMet utvikler kunnskap som løser samfunnets utfordringer.