Omikk (omics på engelsk) metodar er karakteriserte ved at dei gir informasjon om alle molekyl i eitt enkelt eksperiment, noko som tillèt at ein kan studera ikkje berre kvart enkelt molekyl, men også korleis dei interagerer med kvarandre.
Slike tilnærmingar gir komplette molekylære profilar som i dag blir anerkjende som essensielle for å forstå helse og sjukdom med høgast mogleg oppløysing.
Omikk-teknologi ved OsloMet
Omikk-forskarnettverk på OsloMet utviklar og nyttar ulike omikk-teknologiar som ligg heilt i forskingsfronten, er interdisiplinær og knyter OsloMet saman med institusjonar i nasjonale og internasjonale nettverk.
Helse og sjukdom blir i dag ofte forstått frå eit enkelt molekylært perspektiv. Omikk-nettverket tilbyr verktøy og vitskaplege strategiar for å undersøkja helse og sjukdom på ein integrert og tidvis svært kompleks måte.
Me nyttar avansert bioinformatikk og maskinlæring for å analysera store datamengder for å gi ny innsikt i fundamentale biologiske prosessar så vel som mekanismar som fører til patofysiologiske tilstandar.
Forskarar på OsloMet samarbeider med sjukehus, andre universitet og instituttsektoren, og ønskjer å aktivt hjelpa til med utvikling og implementering av nye helseforskingsprosjekt.
Forskarnettverket ved OsloMet
Relevante forskningsprosjekt ved OsloMet
-
Kosthald, tarmflora og metabolsk regulering
Me skal undersøkja effekt av feittkvalitet og fiber på metabolsk regulering og kartleggja relasjonen mellom kosthald, tarmflora og metabolsk regulering.
Meir om Intelligent helses fokusområde
-
Bioteknologi
Forskarar ved OsloMet utviklar metodar og vurderer nytta av biomarkørar i diagnostikk og behandling, persontilpassa medisin og storskala analysar.
-
Kunstig intelligens i helsevesenet
OsloMet utviklar algoritmar og modellar ved hjelp av maskinlæring som er skreddarsydd for bruk i medisinsk forsking. Forskinga skal bidra med å løysa utfordringane i helsesektoren.
-
Velferdsteknologi
Velferdsteknologi referer til verktøy og tenester som har som mål å forbetra livskvalitet og velvære.
-
Sensorteknologi i helsesektoren
Sensorar er einingar som reagerer og responderer på ulike stimuli. Forskarar ved OsloMet bruker og utviklar sensorar for innsamling av helserelaterte data.
-
Fagmiljø og prosjekter tilknytta Intelligent helse
Intelligent helse fokuserer på ulike fagfelt innanfor helse og teknologi for å finne løysingar på utfordringane i helsesektoren. Her finn du ei førebels liste over fagpersonar og forskingsmiljø tilknytta Intelligent helse.
Om Intelligent helse
-
Intelligent helse
Intelligent helse er OsloMet sin satsing på helse og teknologi. Vi skal bidra til ny kunnskap og teknologiske løsninger som fremmer helse og forebygger sykdom.