Intelligent helse har desse fokusområda:
-
Bioteknologi
Forskarar ved OsloMet utviklar metodar og vurderer nytta av biomarkørar i diagnostikk og behandling, persontilpassa medisin og storskala analysar.
-
Kunstig intelligens i helsevesenet
OsloMet utviklar algoritmar og modellar ved hjelp av maskinlæring som er skreddarsydd for bruk i medisinsk forsking. Forskinga skal bidra med å løysa utfordringane i helsesektoren.
-
Omikk-teknologi
Forskarar og forskingsgrupper på OsloMet nyttar ulike omikk-teknologiar til å studera molekyla i livet, korleis variasjonen deira påverkar funksjonen deira, korleis dei blir danna og korleis dei blir brotne ned.
-
Sensorteknologi i helsesektoren
Sensorar er einingar som reagerer og responderer på ulike stimuli. Forskarar ved OsloMet bruker og utviklar sensorar for innsamling av helserelaterte data.
-
Velferdsteknologi
Velferdsteknologi referer til verktøy og tenester som har som mål å forbetra livskvalitet og velvære.