– Forsking på avhøyr av barn, enten dei er vitne eller offer, har etter kvart komme langt. Ein har i dag ei klar forståing av kva som utgjer beste praksis på feltet. Blant dei teknikkane ein er merksam på, forskarar så vel som fagpersonar i felt, er å gi barnet sosial støtte gjennom samtala, stille opne spørsmål og å unngå press eller overtaling, seier Baugerud.
Gunn Astrid Baugerud har bakgrunn som psykolog og frå arbeid i barnevern, og er professor ved Institutt for sosialfag ved Fakultet for samfunnsvitskap.
Gjennom eit samarbeidsprosjekt med SimulaMet, har ho og resten av gruppa utvikla ei KI-basert plattform, der fagpersonar i politi og barnevern kan trene på å gjere avhøyr med barn på rett måte.
Beste praksis skjer ikkje i praksis
Men sjølv om en stor mengde forskingsresultat har etablert metodikk og protokollar rundt barneavhøyr, står det att å løyse utfordringa med å trene og halde slik kompetanse ved like. Beste praksis skjer ikkje i praksis.
– Det er krevjande å få til vedvarande trening på å avhøyre barn. Intensiv opplæring er bra, men å øve med ekte personar eller skodespelarar er dyrt, tidkrevjande og vanskeleg å legge til rette. Og dette er eit felt der det trengst mengdetrening, seier Baugerud.

Professor Gunn Astrid Baugerud. Foto: Sonja Balci/OsloMet
Teknologien bak plattforma har leidd fram til Innsikt.AI, ei bedrift som spring ut frå samarbeidet mellom OsloMet og SimulaMet. KI-modellen som ligg til grunn for plattforma er trena på spesifikke, ekte avhøyrsdata.
Og sjølv om den underliggande teknologien er avansert, er bruken av treningsverktøyet enkel og intuitiv.
På skjermen framfor deg dukkar det opp ei ti år gammal jente i hettegenser, ein såkalla avatar. Dei spørsmåla du stiller til jenta, blir vurderte i sanntid. Det gjer at du straks får tilbakemeldingar på om spørsmåla dine er gode eller dårlege, gjennom blant anna fargekodar.

Lukka og leiande spørsmål fargekodes med raudt. Opne spørsmål opnar samtala. Foto: Illustrasjon fra Innsikt.AI sin plattform.
Rettstryggleiken til ukrainske barn er trua
Teknologien er tatt i bruk i Noreg og Canada. Det er i tillegg stor interesse frå USA, og no i juni fekk Baugerud og gruppa hennar også besøk av ein delegasjon frå Ukraina, som ønskte å høyre om avatarprosjektet.
Delegasjonen bestod av representantar frå påtalemaktene i Ukraina, og tilsette i den frivillige organisasjonen Just Group (justgroup.com.ua).

Den ukrainske delegasjonen let seg imponere då dei fekk teste plattforma. I løpet av tida som var sett av, blei det jobba intenst og konsentrert framfor PC-skjermane. Foto: Tor Even Marthinsen
Olesia Voloshyna, assisterande avdelingsdirektør hos Riksadvokaten i Ukraina, ser stort potensial i teknologien:
– Eg har sjølv, som aktor, jobba med barneavhøyr parvis saman med psykologar, og det er verkeleg slik at barn ikkje opnar seg straks. Du må skape trygge rammer, skape tillit, slik at barnet til slutt vågar å fortelje historia si, seier Voloshyna.
– Den profesjonaliteten er svært viktig i møte med barn.

Olesia Voloshyna, assisterande avdelingsdirektør hos Riksadvokaten i Ukraina, under besøket. Ved sida av sit Susanne Hendrika Flølo frå Senter for menneskerettar ved UiO. Foto: Tor Even Marthinsen
Å avhøyre ukrainske barn som har opplevd- eller vore vitne til potensielle krigsbrotsverk og overgrep, blir avgjerande i åra framover. Det finst også eksempel på at Russland utnyttar sårbare ukrainske barn til både spionasje og sabotasje.
I denne situasjonen møtest dermed fleire omsyn. Informasjonen må vere korrekt og påliteleg, samtidig som rettstryggleiken til barna og emosjonelle behov blir verna. Empati, tolmod og profesjonalitet er nøkkelord.
I eit stort land prega av krig, og med ustabil infrastruktur både fysisk og organisatorisk, er det ei openberr utfordring.
Barn, i kraft av deira alder og utvikling, er i seg sjølv ei sårbar gruppe som krev ekstra vern og spesielle tilnærmingar.– Olesia Voloshyna
– Samtidig har den væpna aggresjonen frå Den russiske føderasjonen skapt ytterlegare lag av sårbarheit for barna våre. Dei har opplevd tap, evakueringar, det å leve under farlege forhold, granatangrep og ulike former for vald, seier Voloshyna.
– Den forsterka kjensla av trussel, sjølv når barna er i eit trygt miljø, speler også inn. Dette utgjer utvilsamt ei unik utfordring for oss under etterforskingsintervju med barn, fortset ho.
Manglande avhøyrskompetanse
Ofte manglar kompetanse på avhøyr der desse barna er. I mange tilfelle blir barna tvinga til å fortelje historia si om igjen og om igjen, fordi dei blir sende frå kontor til kontor, frå instans til instans.
Eit tilgjengeleg og fleksibelt treningsverktøy vil derfor kunne ha mykje å seie.
Vasylyna Yavorska, administrerande direktør i Just Group, understrekar behovet for standardisert opplæring etter beste praksis.
Just Group er ein organisasjon som nyttar evidensbasert kunnskap for å utvikle rettsvesenet i Ukraina.

«Spennande og realistisk. Jenta er som eit ekte barn» var blant kommentarane då delegasjonen testa plattforma. Foto: Skjermbilde fra Innsikt.AI.
– Teamet vårt og ekspertane våre har jobba med implementeringa av etterforskingsintervju i nesten sju år, seier Yavorska.
– Vi har forma ut og systematisk implementert eit grunnleggande utviklingsprogram, laga nasjonale standardar og samarbeider med juridiske fakultet for å sikre at denne metodikken blir inkludert i læreplanar. Behovet for standardar er stort.
Delegasjonen frå Ukraina var invitert til Oslo av Senter for menneskerettar ved UiO, som samarbeider med Just Group og ukrainske myndigheiter om eit prosjekt der ein ser på ulike intervju- og avhøyrsmetodar i Ukraina (jus.uio.no).
I tillegg til besøket på OsloMet, trefte gruppa også representantar frå Riksadvokaten og KRIPOS.
Gunn Astrid Baugerud fekk i 2024 OsloMets innovasjonspris for arbeidet med barneavatarar.
Om prosjektet
-
Neste Generasjon Avatar for Informasjon Innhentende intervjuer (ARGI)
Prosjektet vil utvikle et digitalt opplæringsprogram basert på kunnskap fra utviklingspsykologi og kunstig intelligens for å forebygge vold, seksuelle overgrep og omsorgssvikt mot barn.