Fem personar sit på stolar i ring med hendene på knea.

NIBR evaluerer omsorgs- og endringsmodellen til barnevernet

NIBR gjennomfører ei omfattande evaluering av Omsorgs- og endringsmodellen (OEM) på oppdrag frå Bufdir. Resultata skal bidra til å forbetre institusjonstilbodet frå barnevernet.

– OEM er ein modell som vert innført i stadig fleire institusjonar i barnevernet. Evalueringa vil gi oss verdifull innsikt i korleis modellen fungerer i praksis, seier Trine Myrvold, prosjektleiar ved By- og regionforskningsinstituttet NIBR ved OsloMet.

Resultata frå evalueringa skal brukast i Bufdirs utvikling av det faglege innhaldet i institusjonstilbodet i barnevernet.

Omsorgs- og endringsmodellen

Fagmodellen Omsorgs- og endringsmodellen (OEM) tar utgangspunkt i behandlingsmetoden dialektisk åtferdsterapi, som er vidareutvikla for tilpassing til barneverninstitusjonar.

Dialektisk åtferdsterapi (DBT) er ei terapiform som hjelper menneske med å finne ein balanse mellom å akseptere sterke og vanskelege kjensler, og å forandre seg. Det blir også trena på å sette grenser, regulere kjensler, sette namn på kjensler og handtere stress.

Målet med terapien er at ein skal klare å tenke klart i situasjonar der ein kjenner seg overvelda.

Omtrent 30 prosent av Bufetats statlege institusjonsplassar er no ved ein institusjon som bruker OEM.

Brei evaluering

Evalueringa av OEM skal omhandle fire hovudtema:

  1. Bruken av OEM i barnevernsinstitusjonane: Korleis blir det arbeidd etter OEM, og korleis varierer praksis mellom institusjonane?
  2. Kjenneteikn ved ungdommane i OEM-institusjonane og ulike gruppers erfaring med modellen
  3. Kostnader knytte til OEM-institusjonane
  4. Samsvar mellom behovet til ungdommane og det faglege innhaldet i OEM-modellen

– Vi ser på både dei positive effektane og utfordringane ved å bruke OEM. Målet er å få fram kunnskap for å forbetre tilbodet og sikre at det møter behovet til ungdommane på best mogleg måte, seier Myrvold.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 11.12.2024 | Kristin Horn Talgø