OsloMet var den første utdanningsinstitusjonen i Skandinavia som tilbaud høgare utdanning i drag, då "kunsta å dragge" starta opp i 2022. No kjem del to av studiet; "drag i samfunnet".
Studieleiar Alexander Kayiambakis ved Institutt for estetiske fag (EST), gler seg over å kunne tilby studentane ei fordjuping i faget.
– Drag er ei viktig kunstform og populærkulturell sjanger som utfordrar og kommenterer samfunnet vi lever i – ofte på flamboyant og ekspressivt vis.
– Med røter i ballroom-kulturen har drag vore ein stor del av både undergrunnsmiljø og mainstream kultur, seier han.
– Ved å tilby utdanning innan drag anerkjenner vi den historiske og kulturelle betydninga av kunstforma. Samtidig gir vi utøvarar høve til å utvikle uttrykket sitt på eit høgare nivå, ved å tilby vidareutdanninga drag i samfunnet.
Tverrfagleg og tverrestetisk
Dragartist og universitetslektor ved EST, Remi Johansen Hovda, er fagleg ansvarleg for begge dragstudia.
– Når vi startar opp del to av denne utdanninga, er det både for å kunne tilby tidlegare dragstudentar endå meir kunnskap, og for å etablere ein sterkare akademisk tradisjon innanfor kunstforma drag.
– Drag i samfunnet er for dei som allereie har tatt kunsten å dragge, og for dei som har utøvd faget på eit meir profesjonelt nivå. Det er for dei som ønsker å utforske kva drag har å seie i eit samfunnsperspektiv, og dei som ønsker å produsere prosjekt med mangfald, tverrestetiske og normbrytande uttrykk i sentrum, forklarer Hovda.
– Vidareutdanninga gir høve til å auke kompetanse innanfor dragfeltet, men passar også for dei som er interesserte i ein meir praktisk mangfaldskompetanse i andre fagfeltet.
Han ser fram til august og studiestart.
– Som emneansvarleg gleder eg meg til å sette i gang med eit nytt dragstudium, seier han.
– Studentane kjem til å lære, gjere og oppleve mykje spennande på forelesingar, workshops, prosjektarbeid og ikkje minst “The art of drag seminar” med både lokale og internasjonale forelesarar innanfor dragkunsta.
Studiet går over eit semester på deltid og gir 15 studiepoeng. Søknadsfrist 15. april.