åtte personar sitt rundt eit møtebord sett ovanfra. to tar kvarandre i handa, alle har pc eller annan skjerm eller notatblokk.

Blir integreringa betre av at kommunar jobbar saman i nettverk?

NIBR skal evaluere nettverk for flyktningar i jobb, og mellom anna vurdere om deltakinga i nettverket har noka betydning for integreringsarbeidet i kommunane.

Norske kommunar har dei siste åra busett eit rekordhøgt tal flyktningar, hovudsakleg frå Ukraina. Som ein del av satsinga på å integrere mange av dei i arbeidsmarknaden, har KS starta eit nettverk for å støtte og inspirere kommunane i arbeidet med å få flyktningar i jobb.

Eit nytt forskingsprosjekt, leidde av By- og regionforskingsinstituttet NIBR og finansiert av KS – Organisasjonen til kommunesektoren, skal evaluere nettverket «Flyktningar i jobb».

– Vi studerer nettverket med eit todelt formål. For det første skal vi evaluere og dokumentere sjølve nettverksopplegget og -prosessen. For det andre skal vi dokumentere og analysere arbeidet kommunane gjer med å få flyktningar i jobb, og betydninga av nettverksdeltakinga i så måte, seier prosjektleiar Trine Myrvold, forskar ved NIBR.

Forskarane frå NIBR skal observere nettverkssamlingar og gjennomføre intervju med prosjektleiarar og -deltakarar. I tillegg skal dei analysere skriftleg materiale som blir produsert i nettverket, inkludert arbeidsbøkene til kommunane og tilbakemeldingane deira på kvar enkelt nettverksaktivitet.

Prosjektet skal vere ferdig i august 2025.

– Målet er å bidra til framtidig suksess i integreringsarbeidet norske kommunar utfører, seier Myrvold.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 07.10.2024 | Tone C. S. Thorgrimsen