Sondre Røstad-Tollefsen undervisar.

Klarer du sjå forskjell på ein KI-skrevet jobbsøknad og ein skrive av eit menneske?

Dette er noko av det kursdeltakarane på Fontenehuset Oslo Øst får bryne seg på når OsloMet held KI-kurs.

Sondre Røstad-Tollefsen jobbar som læringsdesignar i DIGIN på OsloMet. I haust held han kurs i kunstig intelligens for medlemmer av Fontenehuset på Tøyen.

– Målet er at deltakarane skal lære om korleis dei kan bruke KI på ein praktisk og etisk måte.

Kurset er sett i gang på initiativ frå Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI) og Fontenehuset Oslo Øst. 

Kva er Fontenehus?

Fontenehuset er ein internasjonal rehabiliteringsmodell som tilbyr ein arbeidsfellesskap for menneske som har eller har hatt psykiske utfordringar. Fontenehus Oslo Øst held til på Tøyen i Oslo.

Røstad-Tollefsen la opp til fleire praktiske oppgåver. Det var særleg ei oppgåve han gledd seg litt ekstra til å gi til deltakarane.

Han hadde nemleg fiska fram eit gammalt søknadsbrev han sjølv hadde skrive, og fått ein chatbot til å skriva eit for den same stillinga.

– Oppgåva gjekk ut på at dei skulle finne ut kva som var skrive av meg, og kva for eit av dei som var skrive av chatboten. Eg vil at dei skulle ta på seg "arbeidsgivarbriller" og tenkje over korleis det var å lese ulike søknadsbrev, seier han.

Sondre Røstad-Tollefsen undervisar kursdeltakarane på Fontenehus Oslo Øst.

Sondre Røstad-Tollefsen undervisar kursdeltakarane på Fontenehus Oslo Øst. Foto: Kamilla Brandal

Røstad-Tollefsen trekkjer fram at viss du skal få hjelp av ein chatbot til å skrive jobbsøknader, bør du bruke gode “prompts” eller instruksar, for korleis han skal hjelpe deg.

– Deretter ville eg skrive søknadsbrevet sjølv, og så fått chatboten til å hjelpe med grammatikk og formuleringar. Chatboten kan då fungere som ein sparringspartnar, seier han.

For ein arbeidsgivar er det ofte viktig at søknaden verkar personleg og autentisk, og at han ikkje inneheld ord og uttrykk som ikkje passar inn.

– Det er ikkje chatboten så god på, seier han.

Kursdeltakerne får en introduksjon til KI.

Kursdeltakarane får ein introduksjon til KI. Foto: Kamilla Brandal

Villig til å prøve KI for å skrive jobbsøknad

Guro Gjære er 34 år gammal og deltek på KI-kurset til Fontenehuset. Ho jobbar som Driftsassistent på Politihøgskolen i Oslo, ei stilling ho fekk gjennom Overgangsarbeid-tilbodet hos Fontenehuset. 

– Forhåpentleg lærer eg noko eg ikkje kan. Og så er det fint å få eit bevis å ha på CV-en seier Gjære.

Gjære erfaring med å bruke KI til å utføre reknestykke, spørje om vêret, konvertere valuta og meir. Ho er nysgjerrig på korleis KI kan brukast til å skrive jobbsøknader. 

– Eg synest det er vanskeleg å skrive slike søknader sjølv, og om det er noko som fungerer, så ville eg nok prøve det. Men det er viktig å lese nøye gjennom etterpå, og omskrive for at det ikkje skal vere heilt openbert at eg ikkje har skrive det sjølv, legg ho til.

Guro Gjøre deltek på KI-kurset.

Guro Gjære deltek på KI-kurset. Foto: Pål Arne Kvalnes

Ønskjer å fremje “digital inkludering”

– Formålet med kurset er å forhindre utanforskap og fremje digital inkludering av ei marginalisert gruppe - personar som har eller har hatt psykiske helseutfordringar og som står heilt eller delvis utanfor arbeidslivet, seier Ragna Vikøren.

Vikøren jobbar med arbeidsførebuande trening (AFT) på Fontenehuset Oslo Øst.

– Eit mål er å ta KI aktivt i bruk i ein jobbsøkjarprosess og stå sterkare i ein jobb. Vi ønskjer å auke den digitale kompetansen og hjelpe medlemmene våre med å henge med i utviklinga, sidan KI blir brukt på fleire og fleire arbeidsplassar og i arbeidssøkjarprosessen, seier ho.

Kurshaldar Sondre Røstad-Tollefsen er imponert over deltakarane på kurset.  

– Deltakarane har mange gode spørsmål, og dei er opne og nysgjerrige. Vi har hatt mange spennande samtalar, avsluttar han. 

Publisert: 24.09.2024 | Kamilla Brandal | Pål Arne Kvalnes