Tidlegare denne våren kom rapporten frå Mannsutvalet: Det neste steget til likestillinga (regjeringen.no).
Blant dei foreslåtte tiltaka er ei tiårig nasjonal satsing for at fleire unge skal velje og gjennomføre kjønnsutradisjonelle utdanningsprogram på yrkesfag.
– Eg håpar de kan vera med på denne satsinga, sa Mannsutvalets leiar Claus Jervell til dei frammøtte på OsloMets frukostseminar på Kjeller i mai.
– Sjå for dykk at barna og barnebarna deira vel utdanning ut frå det dei synest er interessant, og ikkje ut frå dei vala som dominerer innan deira eige kjønn.
Og her er det mykje å ta tak i: Berre seks av 17 utdanningsprogram i vidaregåande opplæring har tilnærma kjønnsbalanse. På elektrofag er 90 prosent av elevane gutar, medan på helse- og oppvekstfag er over 80 prosent jenter. Det viser tal frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), som er referert i utgreiinga.
Mange utfordringar for gutar og menn
Jervell understreka at det neste steget til likestillinga inneber å både sjå på område der kvinner kjem dårlegast ut, og område der menn kjem dårlegast ut.
– Gutar og menn opplever mange utfordringar innan utdanning, fortalde han.
Han viste mellom anna til korleis gutar presterer svakare på skolen, er underrepresentert i høgare utdanning, og oftare har arbeid der det er meir krevjande å kombinere jobb og familie.
Vi må følge opp elevar som vel utradisjonelt
For å få til ei nasjonal satsing for kjønnsutradisjonelle utdanningsval på yrkesfag, må vi ifølge Mannsutvalet jobbe på fleire område, også med verkemiddel som vi allereie bruker i dag.
Det inneber at vi må jobbe for at faga får mindre “kjønna” stempel gjennom tiltak som arbeidspraksis, kampanjar og rollemodellordningar. Vi må få arbeidet med betre kjønnsbalanse inn i mandata til Samarbeidsrådet for yrkesopplæring (SRY) og dei faglege råda. Fylkeskommunar og skolar bør få eit større ansvar for å følge opp elevar som vel utradisjonelt, og vi bør styrke nettverk for underrepresenterte kjønn i arbeidslivet.
Inger Vagle, professor ved OsloMet, understreka også viktigheita av nettverk og omsorg for dei underrepresenterte:
– Mange tiltak for å betre kjønnsbalansen har gått på rekruttering, men vi må også ta vare på dei få vi får inn av underrepresenterte kjønn på yrkesfaglege studieprogram. Vi må ha ein struktur på dette arbeidet. Mykje nettverksarbeidet er drive av eldsjeler, understreka ho.
Smarte hovud, ikkje varme hender
Statssekretær Karl Kristian Bekeng i Helse- og omsorgsdepartementet snakka om mangelen på arbeidskraft i sektoren sin. Bekeng meiner det er behov for eit fagarbeidarløft, som kan hjelpe gutar som står i fare for å falle utanfor arbeidslivet. Han meiner også vi bør snakke om yrka på andre måtar.
– Ikkje berre sei at vi treng «varme hender» - vi treng «smarte hovud», sa Bekeng.
Meiner nulltoleranse for trakassering er eit konkurransefortrinn
Ingunn Gjerstad, leiar av LO i Oslo, snakka mellom anna om viktigheita av eit humant og leveleg arbeidsliv.
– Gode dialogar på arbeidsplassen, standardar for arbeidsmiljø og nulltoleranse for trakassering meiner eg kan vere viktige konkurransefordelar for bedrifter som skal rekruttere.
Vi må støtte unge menn som jobbar i barnehage
Ingri Bjørnevik, rådgivar i Fagforbundet, snakka om utfordringane med at gutar som utdannar seg til barne- og ungdomsarbeidarar kan oppleva mistenkjeleggjering i samband med overgrepssaker. Desse gutane treng støtte, mellom anna frå lærarar.
– Yrkesfaglærarar må ha ei forståing for kva gutane kan oppleva. Mange gutar er ikkje så flinke til å snakke om det. Å vera 15 år og bli mistenkjeleggjort i arbeidslivet er tøft, sa Bjørnevik.
– Legg vekt på sosial kompetanse hos yrkesfaglærarar
Maria Eriksson er assisterande rektor for yrkesfag ved Kuben vidaregåande skole i Oslo. Ho fortalde at for å vareta jenter på yrkesfag som er dominert av gutar, jobbar dei like mykje med sosiale ferdigheiter som med faglege ferdigheiter. Oppmodinga hennar til yrkesfaglærarutdanninga ved OsloMet var å vektlegge det sosiale meir:
– Studentane ved OsloMet er veldig dyktige på undervisningsopplegg, men bruk meir tid på å lære dei sosiale ferdigheiter, på å bygge fellesskap i klassane og å bli kjend med elevane, alt som er “backstage” i lærarjobben, sa Eriksson.
– I dag har vi fått mykje å tenke på. Både når det gjeld kva yrkesfaglærarane våre kan bidra med, og at vi kan gjere fleire systematiske undersøkingar av korleis vi kan motverke kjønnsdelte utdanningsval. Vi vil også halde fram med å lage seminar og skape debattar, samanfatta instituttleiar Anna Hagen Tønder.
På biletet øvst i saka: Hedvig Skonhoft Johannesen, professor ved OsloMet og leiar av paneldebatten, Anna Hagen Tønder, instituttleiar, Claus Jervell, leiar for Mannsutvalet, og Inger Vagle, professor ved OsloMet.