Eit titals OsloMet-studentar går i trappa i lokalet til Forskningsparken

Koplar studentar med næringslivet

Satsinga Intelligent helse ved OsloMet har invitert til fleire aktivitetar som koplar studentar med næringslivet.

Tidlegare i år gjennomførte Intelligent helse ved OsloMet i samarbeid med The Life Science Cluster (Thelifesciencecluster), HealthHACK. Sistnemnde inviterte studentane tilbake til forskingsparken for ein presentasjon av medlemsbedrifter i klyngja og til nettverksbygging mellom industri og OsloMet-studentar.

I tillegg til studentane som var med på HealthHACK vart også fleire andre studentar inviterte. Studentane som deltok på nettverksmøtet kom frå ulike studieretningar ved OsloMet som til dømes biomedisin, farmasi, elektronikkingeniør, bioingeniør og informasjonsteknologi.

Innblikk i fleire moglegheiter etter enda studium

OsloMet-studentane fekk innblikk i organisasjonsstrukturen hos medlemsbedriftene i The Life Science Cluster (TLSC) inkludert kva bakgrunn og utdanning tilsette hadde. Målet var å vise studentane moglegheiter i industrien etter enda studium.

På ei omvising i Forskningsparken og vart studenten betre kjent med inkubatoren som held til der. Bygget tilbyr ein innovativ fellesskap, og legg til rette for kommersialisering av forsking.

– Intelligent helse ønskjer å leggje til rette for at studentane ved OsloMet finn nye løysingar på framtidas utfordringar. Forskingsbasert innovasjon kan bidra til å løyse utfordringane samfunnet står overfor innan helse, fortel Kristine Andreassen, koordinator på Intelligent helse satsinga ved OsloMet.

Andreassen fortset:

– Studentar som ønskjer å starte sitt eige selskap fekk innblikk i korleis infrastrukturen til forskingsparken er og korleis dei jobbar for å utvikle ein idé til eit ferdig produkt og/eller teneste.

Arbeidsrelevant kompetanse

Noreg står i fleire omstillingsprosessar. Vi skal bli eit grønare samfunn, vi skal bli meir digitaliserte og helsesektoren står overfor store utfordringar som må løysast.

Desse utfordringane kan ikkje løysast i ein sektor åleine.  Politiske føringar legg derfor til rette for systematiske samarbeid mellom akademia og privat – og offentleg sektor.

Dialogen rundt kva kompetanse som trengst for å få til desse endringane skjer på formelle møteplassar, men også på uformelle møteplassar slik som det The Life Science Cluster inviterte til.

– Det er veldig viktig, fordi vi treng å rekruttere fleire studentar til industrien i Noreg.  Det er eit behov for å få ei betre forståing for kva slags kompetanse industrien treng og det er viktig at akademia får denne informasjonen slik at vi kan sikre at vi har dei rette menneska og kompetansen til å løyse samfunnsutfordringane fortel Delphine Costa, CEO i The Life Science Cluster.

Delphine Costa, CEO i The life Science cluster, står foran en PC og snakker med en kollega.

Foto: OsloMet/Thea Ørneseidet

Jeanette Konstanse Steen, som var med på HealthHACK i fjor, synest det er verdifullt å få kontaktar i næringslivet og samtidig sjå korleis livet etter studiane ser ut.

Framtidige møteplassar

Målet til Intelligent helse er å halde fram og bidra til å auke samarbeidet mellom akademia og offentleg – og privat sektor. På møteplassar legg vi til rette for at vi kan møtast på tvers av fag og sektorar for å finne løysingar på utfordringar helsesektoren står overfor.

Dersom du ønskjer å samarbeide om eit framtidig arrangement, ta kontakt med Intelligent helse.

Publisert: 25.09.2024 | Thea Larsen Ørneseidet