Den 17. januar 2025 arrangerte Senter for kunnskap om yrkesfag ved OsloMet, i samarbeid med Lillestrøm bibliotek, eit innhaldsrikt lunsjseminar med temaet realkompetansevurdering.
Arrangementet tiltrekte seg heile 136 deltakarar, rundt 100 av dei følgde med digitalt. Det blei ein dag med viktige innspel, engasjert diskusjon og gode perspektiv på korleis vi kan anerkjenne og verdsette kompetanse som er erverva utanfor tradisjonelle utdanningsløp.
Anerkjenning av likeverdig kompetanse
Grete Haaland, professor i yrkespedagogikk ved OsloMet, understreka viktigheita av å anerkjenne realkompetanse som likeverdig med formell utdanning, både for samfunnet og individet. Haaland argumenterte for at dette ikkje berre gir vaksne høve til å få formalisert utdanning raskare, men også bidrar til auka motivasjon blant arbeidarar.
Realkompetansevurdering, meinte ho, kan dessutan forlenge yrkeskarrieren for fagarbeidarar som har hatt fysisk krevjande yrke. Den nye opplæringslova, som gir rett til realkompetansevurdering, medfører også krav til kvalitet og heilskap i vurderingane.
Profesjonalisering av rolla – kven kan vurdere?
Universitetslektor Anette Lund Follestad belyste den komplekse prosessen rundt realkompetansevurdering. Ho framheva at vurderinga handlar om å verdsette det kandidaten kan, ikkje det vedkommande ikkje kan.
– Vi må leite etter «gullet», sa ho.
Ho beskreiv betydninga av eit avkorta utdanningsløp basert på godkjent realkompetanse. Follestad la vekt på at det ofte er eit langt yrkesliv som ligg bak denne kompetansen. Ho presenterte også eit forskingsprosjekt ved OsloMet som ser på korleis det blir opplevd å vurdere realkompetanse, og understreka viktigheita av mengdetrening for å gi tryggleik i rolla.
Panelsamtale – erfaringar og vegen vidare
Ei engasjerande panelsamtale følgde, der Diana Grosu fortalde om etableringa av eit tverrfagleg tolkingsfellesskap for vurdering av realkompetanse ved Oslo Voksenopplæring. Ho påpeika viktigheita av praksisnære og yrkesretta spørsmål. Julie Løvås frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) delte innsikt om ulik tolking og praksis rundt om i landet, og dessutan usikkerheita som kan oppstå i møte med auka antal vurderingar.
Sayd Bazir Azizi delte den personlege reisa si frå ufaglært til fagbrev, og understreka behovet for tydeleg informasjon om realkompetansevurdering til vaksne i opplæringssystemet.
Panelet var einige om behovet for betre rammer rundt realkompetansevurdering, auka kunnskap på feltet, og fleire ressursar til dei som utfører vurderingane. Kjem dette på plass, er vi på god veg mot ein meir anerkjennande praksis.
På biletet ser du (frå venstre): Sayd Bazir Azizi frå Gastro, Grete Haaland frå OsloMet, Julie Løvseth frå HK-dir, Diana Grosu frå Voksenopplæringen i Oslo og Anette Lund Follestad frå OsloMet.
Høyr podkastar om realkompetansevurdering
Anette Lund Follestad har gjesta to podkastar om realkompetansevurdering frå HK-dir:
- Realkompetansevurdering #1: Smak av læring: Realkompetansevurdering og mestring i kokkfaget og ernæringskokkfaget (kompetansenorge.podbean.com).
- Realkompetansevurdering #2 Har alle voksne realkompetanse? (kompetansenorge.podbean.com)