Insituttleiar Liv Klakegg Dahlin, Kronprinsesse Mette-Marit og ordførar Anne Lindboe står bak eit bord med fargerike garn og stoffprøver. I bakgrunnen er det fleire vevstolar og vevnader.

Kronprinsessa besøkte OsloMet

27. januar besøkte Kronprinsesse Mette-Marit den historiske samlinga på Institutt for estetiske fag. – Som å vere i ein godtebutikk, uttalte kronprinsessa begeistra.

Under besøket fekk kronprinsessa etter eige ønske høyre om tekstilkunstnaren Sigrun Berg sitt liv og virke, og sjå på hennar arbeid og skisser. Berg er spesielt kjend for dei ikoniske fargerike vovne skjerfa med frynser.

Leiar for Institutt for estetiske fag ved OsloMet, Liv Klakegg Dahlin, har forska på historia til Sigrun Berg, og har nyleg gitt ut ei bok om tekstilkunstnaren.

Les meir om besøket (ansatt.oslomet.no)

Publisert: 28.01.2025 | Kjersti Thoresen | Foto: Sonja Balci