Nærbilete av dei fire redaktørane

Kunstnar, forskar og utdannar – nordisk tidsskrift gir artografen plass

Tilsette i akademia som jobbar kunstfagleg, med forsking og med utdanning får ein stemme gjennom dobbeltnummer av Nordic Journal of Art and Research.

Akademisk tilsette som jobbar kunstfagleg kan ofte kjenne på at det dei gjer i undervisning, som forskarar, og i arbeidet med å formidle kunst til studentar og ulike former for publikum, ikkje heilt passar inn i ein akademisk samanheng.

– Men det har vist seg at i a/r/tografien kjenner dei seg ofte heime – han passar til deira liv og arbeid.

Det seier Torill Vist, professor ved OsloMet, Institutt for barnehagelærarutdanning og sjefsredaktør for Nordic Journal of Art & Research. Derfor tok ho initiativ til eit spesialnummer om den kunstbaserte metodologien a/r/tografi i eit nordisk perspektiv. Ho fekk med seg Ingrid Danbolt, Maybritt Jensen og Ann-Hege Lorvik Waterhouse som medredaktørar i det som skulle vise seg å bli eit omfattande arbeid.

40 innsende abstracter med stor kunstnarisk og fagleg breidde viste at interessa for a/r/tografi strekker seg langt utanfor både lærarutdanningane og kunstfaga. Derfor blei det ikkje berre eitt nummer om Å leve som a/r/tograf – et nordisk perspektiv (journals.oslomet.no) i tidsskriftet, men to – og det første er akkurat lansert, med 13 vitskaplege artiklar.   

A/r/tografi er sett saman av A-rtist, R-eseacher og T-eacher og beskriv dei tre rollene som ein a/r/tograf har, og det å vere «forskande,» «lærande» og «skapande» på ein og same tid. Det er ei form for praksis-basert forsking som skjer samtidig med kunstutøvinga og utdanninga, men der også sjølve skriveprosesseinar(-grafi) blir vektlagd.

Artiklar på mange språk

I dei to nummera av tidsskriftet har redaktørane valt å la dei nordiske forfattarane skrive på sitt eige morsmål eller engelsk. I tillegg er det brukt ulike kunstnariske og verbale medium. Dette ligg også innanfor a/r/tografiens domene – alt let seg ikkje uttrykke med det skriftlege språket.

– Vi pleier å seie at a/r/tografien er ein rhizomatisk forskingspraksis – han er prega av igangverande prosessar og driven av spørsmål, forklarer Vist. Utfallet av prosessane er ikkje bestemt på førehand, dei er utan begynning og slutt – dei som er i prosessane berre «er» i dei, i eit slags vibrerande mellomrom der alt kan skje. A/r/tografien inviterer til å vere opne for dette, og set ord på at det viktig.

 – Det å legge til rette for at desse prosessane, og dei som står i dei, blir synlege og får ein plass i akademisk praksis, er viktig.

Kunst og kultur kan gi oss god livskvalitet

Plassen til kunstfaga i lærarutdanningane har krympa jamt og trutt dei siste tiåra. Mens 30 prosent av undervisningstida på 70-talet var vigd estetiske fag, blir berre 11 prosent av den obligatoriske tida brukt til dette i dag.

– Estetiske prosessar, kreativitet og kunst gir barn og unge høve til å uttrykke seg og til å lage meining i ei kompleks verd. Det gir dei eit høve til å skape gode liv, utvikle relasjonell kompetanse og empati, og på den måten bygge sosial berekraft i samfunnet, forklarer Vist.

– Så det å løfte kunstfaga i akademia er viktige for alle, ikkje berre for barn og unge. Vi treng tidsskrift som kan gi akademikarar som jobbar og forskar med kunstfaga ei stemme. Tidsskrift som gir dei legitimitet og synlegheit, og som kan argumentere for at kunstnariske og kreative prosessar har ein naturleg plass innan lærarutdanning og akademia generelt, og at dette er nødvendig. Det gir også dei tilsette høve til å utvikle og styrke forskingspraksisar som er tette på uttrykksformene og eigenarta til kunstfaga, avsluttar Vist.

På biletet ser du frå venstre professor Torill Vist, førstelektor Ingrid Danbolt, førstelektor Maybritt Jensen og professor Ann Hege Lorvik Waterhouse.

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Kunstfaga kan bidra til berekraftige samfunnsendringar

Eit 530 sider langt spesialnummer av Journal of Art and Research samlar bidragsytarar frå heile verda i ei utforsking av rolla til kunstfaga for å nå berekraftsmåla.

gruppebilde av medforfattere
Publisert: 17.12.2024 | Pia Lang-Holmen | Foto: Mina K. Abrahamsen / OsloMet