English version
Bilete frå kvantelaben, med ei av kvantedatamaskinane til venstre, plakatar som presenterer forskingsprosjekt på veggen, og bokhylle og skerm til høgre. I framgrunnen eit bord med ein laptop.

Kvantedatamaskinane får sin eigen lab

OsloMet får no ein samlingsstad for alle som er interessert i kvantedatateknologi, ein eigen lab.

På denne måten vert kvantedatamaskinane meir tilgjengelege, kanskje mest for studentane, men også tilsette og andre interessentar, i rom PS340 I Pilestredet 35.

Det er lagt vekt på at rommet skal vere attraktivt og brukbart, med grafikk på veggane, eit lite bibliotek med bøker, avhandlingar og masteroppgåver, og eit møtebord med stolar. 

Plakatar skal vise kva forskingsaktivitetar som går føre seg i forskingsgruppa.

Dei to kvantedatamaskinane vert sjølvsagt samlingspunktet. 

Ein god skjerm skal leggje til rette for å diskutere forsking knytt til kvantedatamaskinane.

– Eit eige rom til laben vil gjere det lettare å samle interessert til å møtest, fortel professor Sølve Selstø.

– Vi har mangla ein eigen plass å ha kvantedatamaskinane, der vi også kan vise dei fram når det kjem besøk, til dømes av politikarar. 

Det skal tilsetjast ein postdoktor som vil medverke til å gjere kvantedatamakinane meir tilgjengelege, og som også skal ha ansvar for drifta av dei. Det er også planar om å tilsetje ein som kan arbeide med informasjon og kommunikasjon, og administrasjon.

Rommet skal delast med AI Lab og NordSTAR, som også har interesse i kvantedatamaskinane. 

Biletet øvst i artikkelen er frå laben, med ei av kvantedatamaskinane til venstre, plakatar som viser aktuell forsking, bokhylle og skjerm der forskinga kan presenterast.

Les meir om OsloMets Kvantehub.

Kontakt

Laster inn ...

Meir om kvanteteknologi

– Norge henger etter i kvanteteknologi-kappløpet

Norge må ta grep nå før det er for sent, advarer ledende fagfolk innen kvanteteknologi.

Kvantedatamaskin på svart bakgrunn.
Her kan kvantedatamaskiner ha best muligheter

Kvantedatamaskiner kan bli svært nyttige i industrien. Mulighetene er best særlig på ett felt.

Illustrasjonsbilde av kjemiske molekyler i hvitt på grå bakgrunn.
De færreste vet hva kvanteteknologi er. Gjør du?

Mange har fått med seg at teknologien kan forandre verden, men få vet hvordan og hvorfor.

Illustrasjon av kloden sett fra verdensrommet. Stjernebildene med streker gjennom som grafiske elementer ligger over og rundt kloden.
Publisert: 22.08.2023 | Olav-Johan Øye