Blanca Estela Braña de Hvidsten og Anette Lund Follestad er universitetslektorar ved Institutt for yrkesfaglærarutdanning ved OsloMet. Dei er aktuelle med boka “Yrkespedagogikk for lærere i høyere yrkesfaglig utdanning”, som er Noregs første bok om praktisk pedagogikk for høgare yrkesfagleg utdanning.
Braña de Hvidsten og Follestad har undervist fem kull med fagskolelærarar i praktisk pedagogikk på vidareutdanningar ved OsloMet.
– Vi har god søking til studia. Studentane bidreg til utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass, og det verkar som fagskolane opplever utdanningane som veldig relevante, seier Follestad.
Ei oversett gruppe
Dei meiner fagskolelærarane har vore ei oversett gruppe.
– Mange fylkeskommunar krev at fagskolelærarane skal ta PPU-y (praktisk pedagogikk for yrkesfag). Dette er eigentleg ikkje eit tilbod tilpassa fagskolelærarar, seier Braña de Hvidsten, som sjølv har jobba 14 år i fagskolen.
På PPU-y har studentane praksis i ungdomsskole og vidaregåande skole. Ein fagskolelærar skal berre undervise vaksne menneske som er ferdige med vidaregåande skole.
Utdanninga i praktisk pedagogikk for fagskolen er den einaste lærarutdanninga i landet som ikkje er rammeplanfesta. Førebels finst det ikkje nokon nasjonale krav for utdanninga av fagskolelærarar.
Vil bygge identiteten til fagskolelærarane
Med boka ønsker dei å bidra til å bygge ein eigen profesjonell identitet for fagskolelærarane.
– Ikkje alle kjenner til at fagskolane ligg på nivået over vidaregåande skole. Det at offentlege fagskolar er eigde av fylkeskommunane, og at dei ofte er samlokaliserte med vidaregåande skolar, bidreg til forveksling, fortel Follestad.
– Dessutan er fagskolelærarar gjerne fagorganisert i tråd med yrket dei har i botnen, slik at dei ikkje utgjer nokon samla gruppe i forhandlingar om lønns- og arbeidsforhold.
I tillegg til kapittel om ulike pedagogiske metodar, teoriar og nettpedagogiske modellar, inkluderer boka ein historisk gjennomgang av framveksten til fagskolen frå slutten av 1700-talet og til i dag.
– Fagskolelærarar er folk med ein sterk fagleg bakgrunn, noko som i stor grad har vore anerkjent i offentlege dokument og strategiar. Men når det gjeld pedagogikken, har dei vore oversette og misforstått.
Foto: Sonja Balci.
Les meir om studia
Les meir om boka
Yrkespedagogikk for lærere i høyere yrkesfaglig utdanning (fagbokforlaget.no)
Interessert i fag- og yrkesopplæring?
Les meir om Senter for kunnskap om yrkesfag.