– Vi veit etter kvart ganske mykje om korleis ukrainske flyktningar har det her i Noreg. Det kjem ikkje minst av forsking vi på NIBR driv. Men vi veit mindre om kva som må til på den ukrainske sida, for at dei skal velje å reise tilbake til heimlandet, seier Jørn Holm-Hansen.
Han er forskar ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR på OsloMet og leiar av det nye prosjektet, som er finansiert av Utanriksdepartementet.
Saman med kollegaer frå NIBR, skal Holm-Hansen undersøke kva som påverkar ukrainske flyktningars avgjerd om frivillig å dra tilbake til Ukraina.
– Spørsmålet er viktig, og noko ukrainske myndigheiter og gjenverande innbyggarar er opptatt av. Utan at ein god del av dei som har reist ut, vender tilbake, blir det vanskelegare å bygge opp att landet, seier Holm-Hansen.
Rekordmange flyktningar
I underkant av sju millionar ukrainarar har flykta frå landet sidan Russlands stor-angrep i februar 2022.
Så å seie alle har slått seg ned i Europa, der dei har fått mellombels, kollektivt vern.
Ukrainarar i Noreg utgjer no éin prosent av heile befolkninga.
I lys av den store delen ukrainske flyktningar i europeiske land, er spørsmålet om varige løysingar sentralt, både i Ukraina og i dei europeiske mottakarlanda.
– Situasjonen med millionar av menneske med mellombels kollektivt vern har store kostnader. Det gjeld først og fremst flyktningane sjølv. Men det kjem store utgifter i mottakarlanda, og på sikt vil Ukraina slite økonomisk om folk ikkje vender tilbake, seier Holm-Hansen, og legg til:
– Ekstra stor blir denne utfordringa ettersom Ukraina også i fredstid mistar folk som drar utanlands som arbeidsmigrantar.
Større merksemd om retur
Holm-Hansen skal undersøke kva faktorar i Ukraina som påverkar ukrainarane når dei bestemmer seg for å dra tilbake frivillig.
– Då blir det viktig å sjå nærmare på kva erfaringar heimvende har gjort seg. Korleis blir den støtta dei får frå offentlege instansar og gjennom internasjonale program opplevd? Er det teikn på stigmatisering eller inkludering av heimvende flyktningar, spesielt dei som har fått økonomisk støtte? seier han.
Det er oppretta eit Ministerium for eining i Ukraina, som mellom anna skal jobbe med flyktningar og tilbakevending. Ministeriet legg vekt på å utvikle tiltak for sikkerheit, arbeidsplassar og bustad til dei som returnerer.
– Vi skal undersøke om slike tiltak bidrar til at folk bestemmer seg for å dra tilbake igjen. Vi skal også undersøke korleis ukrainske myndigheiter ser på utfordringa med arbeidsmigrasjon til Europa, og at flyktningar kan få opphald basert på arbeidsløyve, seier Holm-Hansen.
I tillegg skal forskarane analysere mediediskursen, reaksjonane til lokalsamfunnet og om måten myndigheitene snakkar om retur på, påverkar avgjerda om å dra.
Prosjektet skal ferdigstillast før sommaren 2025.