To forskingsprosjekt ved OsloMets Senter for velferds- og arbeidslivsforsking (SVA) får støtte frå NAV.
Dei to prosjekta høyrer heime ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR og Velferdsforskningsinstituttet NOVA:
- INNSOS – Innvandrarars sosialhjelpskarrierar – kva betydning har skjønnsrommet til NAV-rettleiarane? (NIBR): Innvandrere er overrepresentert blant sosialhjelpsmottakarar. For at NAV skal kunne lykkast betre med å fremje overgang til arbeid og aktivitet, er det behov for meir kunnskap om kva som kjenneteiknar innvandrarar som er langtidsmottakarar av sosialhjelp, korleis NAV-rettleiarar utøver skjønnsrommet sitt og korleis dei tolkar lovverk og skriftlege rettleiarar.
- Kvalifiseringsprogrammet som verkemiddel for arbeidsinkludering (NOVA): Formålet med prosjektet er å få fram kunnskap som vil bidra til ei heilskapleg forståing av kvalifiseringsprogrammet (KVP) og dets utfordringar. Prosjektet vil gi innsikt i kvar innsatsen bør rettast for at KVP kan bidra til stabil arbeidsmarknadstilknyting for deltakarane og bli eit effektivt verkemiddel for arbeidsinkludering.
Til saman seks prosjekt får tildelt støtte frå NAV i utlysinga i år, og får i underkant av 29 millionar kroner til saman.
Styrkar kunnskapsgrunnlaget
Som ein del av arbeidet med å styrkje kunnskapsgrunnlaget sitt, lyser NAV årleg ut forskingsmidlar innanfor eitt av fire tematiske satsingsområde i FoU-planen sin: Arbeidsretta tiltak og verkemiddel, påliteleg forvaltning, samhandling med brukarar og sosiale tenester i NAV-kontoret.
Gjennom årets utlysing blei forskarar inviterte til å foreslå prosjekt som klargjer ulike sider ved dei sosiale tenestene i NAV-kontoret, og fekk i alt 46 skisser.
– Gratulerer til fagmiljøa både ved NIBR og NOVA med tildelingane, på bakgrunn av gode og relevante prosjektbeskrivingar, seier prorektor for FoU ved OsloMet, Tanja Storsul.
– Forskingsområda til begge institutta våre treffer kjernen i NAVs verksemd, og viser tydeleg at tett samarbeid mellom universitetet og andre viktige aktørar er essensielle for utviklinga av samfunnet, seier Storsul.