– Ein organisasjon med ein sterk og positiv kultur kan tiltrekkje seg og behalde talentfulle tilsette, medan ein organisasjon med ein negativ kultur kan oppleve stort gjennomstrøyming og dårleg omdømme, seier Blanka Støren-Vaczy
Støren-Vaczy er emneansvarleg i masteremnet Organisasjonskultur.
– For å forstå organisasjonskultur kan det vere nyttig å sjå på organisasjonen som ei sosial eining som har sin ein eigen personlegdom. Ein organisasjon har sine eigne normer og reglar for korleis ting skal gjerast. Uformelle normer og reglar kan vere like viktige som dei meir formelle reglane og prosedyrane, seier ho.
Ein organisasjon med ein negativ kultur kan oppleve stort gjennomstrøyming og dårleg omdømme– Blanka Støren-Vaczy
Organisasjonskulturen kan påverke korleis tilsette oppfattar og reagerer på endringar eller utfordringar i arbeidsmiljøet. Organisasjonskulturen blir påverka av faktorar som leiing, kommunikasjon, konflikthandtering og haldningane og verdiane av tilsette.
– Ein sterk og positiv organisasjonskultur kan bidra til å motivere tilsette, auke produktiviteten og forbetre kvaliteten på arbeidet som blir utført, seier Støren-Vaczy.
– På den andre sida kan ein negativ organisasjonskultur skape eit dårleg arbeidsmiljø, senke motivasjonen til tilsette og redusere suksessen til organisasjonen, seier ho.
Kva lærer du?
Du får gjennom denne videreutdanningen kunnskap om:
- kulturperspektivet i organisasjonar
- sammenhengen mellom organisasjonskultur og lederskap, virksomhetens arbeidsprosesser og resultater/leveransar
- hvordan du som leder og medarbeider kan endre, utvikle eller forbetre kulturen i egen organisasjon
Kven passar studiet for?
Denne vidareutdanninga passar for alle som er interesserte i organisasjonar og korleis kulturen i ein organisasjon kan påverke arbeidsmiljøet og organisasjonens suksess.
Vidareutdanninga er spesielt relevant for deg som jobbar i eller ønskjer å jobbe i ei leiande eller administrativ rolle innanfor ein organisasjon, eller er involvert i HR, personalleiing eller organisasjonsutvikling. Emnet passar også for dei som jobbar med arbeidsinkludering og samarbeider tett med arbeidsgivarar, eksempelvis jobbspesialistar.
Korleis går undervisninga føre seg?
Undervisninga vil vere både fysisk og digitalt. Den første og den siste samlinga blir gjennomført fysisk i OsloMets lokale, medan den andre samlinga blir digitalt. Forelesingane blir supplerte med videoforelesingar og casediskusjonar, presentasjonar og rettleiing.