Med den moderniserte autorisasjonsprøva blir det innført ein heilt ny digital silingsprøve som blir retta automatisk. I tillegg har den praktiske prøva fått nye vurderingskriterium.
I samsvar med dei nye vurderingskriteria blir prestasjonane til kandidatane vurdert meir heilskapleg enn før. Samtidig er det høge nivået til prøva bevart.
Tolking frå skrift til tale (prima vista) er lagt til som ein fast del i den nye prøva.
På sikt er det også planlagt at autorisasjonsprøva skal utvidast med ei prøve i simultantolking. Denne er framleis under utvikling, og vil innførast tidlegast i 2026.
– Vi er glade for å ha fått på plass ein fornya og meir moderne statsautorisasjonsprøve. Autorisasjonsprøva er eit viktig verkemiddel for å sikre at brukarar har tilgang på tolketenester av høg kvalitet, og for å vareta rettstryggleiken, livet og helsa til individ i møte med det offentlege, seier rektor ved OsloMet, Christen Krogh.
Omfattande nybrotsarbeid
Den fornya prøveordninga er resultat av eit utviklingsarbeid som har gått føre seg sidan den eksterne evalueringa av autorisasjonsprøva låg føre i 2021.
I etterkant av evalueringa har OsloMet blant anna arbeidd med digitalisering av silingsprøva og utvikling av ei autorisasjonsprøve i språkkombinasjonen norsk-norsk teiknspråk, som blei pilotert våren 2024. Utviklinga av teiknspråkprøva blei gjord parallelt med fornyinga av autorisasjonsprøva og prøveformatet.
Prosjektleiar for fornyinga er seniorrådgivar Kristiina Antinjuntti.
Autorisasjonsprøva i tolking
- Autorisasjonsprøva i tolking er ei krevjande ferdigheitsprøve for erfarne tolkar.
- Personar som består prøva, kan søke Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) om løyve som statsautorisert tolk og oppføring i dei høgaste kategoriane i Nasjonalt tolkeregister.
- OsloMet har hatt ansvar for autorisasjonsprøva sidan 2013. Fram til no har prøva bestått av ei skriftleg silingsprøve som blir gjennomført med penn og papir og ei munnleg prøve beståande av monologtolking, dialogtolking og eksaminering i tolkeetikk.
- Bakgrunnen for det omfattande fornyingsarbeidet er den eksterne evalueringa av prøva som blei gjennomført av Proba Samfunnsanalyse i 2020–2021, og som peika på behov for å modernisere ordninga.
Språktilbod i 2025
Først ut til å få tilbod om den nye prøva er tolkar i fransk og sorani. Testtilbodet er planlagt kunngjort i midten av mars.
Vil du vite meir?
Kontakt
Spørsmål kan rettast til tolkeautprove@oslomet.no