Bord som er pent dekka i tidleg 1900-talls-stil og ein student som serverer

Prosjekt Titanic: Ein uforgløymeleg kveld på Sandefjord vidaregåande skole

Korleis bygge samarbeid mellom studieprogram? Eit innovativt prosjekt ved ein av praksisskolane til OsloMet viser veg.

Fredag 22. november 2024 kom 104 gjester til Noregs største vidaregåande skole i antrekk inspirert av det tidlege 1900-talet.

Elevar og lærarar frå restaurant- og matfag (RM), frisør, blomstrar, interiør og eksponeringsdesign (FBIE), musikk, dans og drama (MDD) og sal, service og reiseliv (SSR, Business og Innovasjon) hadde gått saman om å attskape den siste kvelden ombord på Titanic i 1912. Kulissar, musikk og meny bidrog til å bygge stemninga.

Førebur på seinare yrkeskarriere

Dei ulike programområda bidrog til å løfte arrangementet til noko langt meir enn det ein kan skape dersom ein berre jobbar med eige programområde. Denne verkelegheitsnære tilnærminga til faget er nettopp det elevane vil møte seinare i yrkeskarrieren sin. 

FBIE hadde ansvar for kostyme, rekvisitt, dekorasjonar, tidsbilde og utstillingar. Frisørelevane på Vg1 hadde open salong fredag og laurdag. Her blei  elevane som skulle servere eller opptre styla med tidsriktige frisyrar. Gjestene som skulle ete seinare på kvelden kunne også booke time for oppsetting og pynting av hår til ein billig penge.

RM hadde sett saman ein sju retters meny som kravde ein stor variasjon av teknikkar. 
Gjestene var fordelte på åttemannsbord. I skolens borgsal var lyset dempa, glasa pussa, damaskdukane strokne og serviettane fint bretta. Med 13 servitørar, og åtte utlånte frå Business og Innovasjon, var det behov for intensiv servitøropplæring. Gjestene rosa servitørane ved bordet, noko som skapte stoltheit hos elevane.  

Bygger stolthet og respekt på tvers

Elevane frå SSR, Business og Innovasjon (vg1, yrkes- og studiekompetanseløp) hadde i forkant ansvar for marknadsføringa av prosjektet og sal av billettar. Allereie etter tre veker var alle billettar selde, og vi fekk stadig førespurnader frå personar som gjerne ville stå på venteliste eller forsikre seg om at vi kom til å gjenta dette til neste år. 

I tillegg hadde elevane ansvar som vertskap. Dei varetok gjestene frå innkomst til avreise, og denne seglinga enda godt for alle. Både lokalaviser og NRK fatta interesse for prosjektet og omtala blei stor både i forkant og med mediedekning på premieren. 

I etterkant ser vi at dette prosjektet har gitt store ringverknader når det gjeld klassemiljø, stoltheit til faget og respekt på tvers av utdanningsprogram. Vi har saman vist at vi både vil og kan langt meir enn det vi får vist i ein vanleg klassesituasjon.

Er du interessert i fag- og yrkesopplæring?

Les meir om OsloMet sitt Senter for kunnskap om yrkesfag.

Publisert: 15.01.2025 | Hilde Fjelldal Hagen, Sandefjord vidaregåande skole | Foto: Anne Berit Ersnes