Portrett av Tommy Hvidsten og Helene Karin Mallasvik

Visste du at Noreg har eit senter for erfaringsbasert læring?

Senteret støttar og rettleier faglærarar, leiarar og andre fagpersonar innan høgare yrkesfagleg utdanning, og gir dei dei verktøya som trengst for å tilpasse undervisninga basert på behovet til studentane.

Dei tilbyr ei rekkje kurs og læringsaktivitetar, og, beskriv seg sjølve som “ein aktiv pådrivar for endring og utvikling av utdanningssektoren.”

Senteret rettar seg særleg mot tilsette i fagskolesektoren, som er involvert i pedagogisk arbeid og utvikling. Dei jobbar også med å fremme interessene til fagskolesektoren overfor politikarar, avgjerdstakarar og arbeidslivet.

– Ved å kartlegge kunnskap om verksemda, starte og leie utviklingsprosjekt, og tilby kompetanseheving til dei tilsette i sektoren, er me med på å utvikle kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning, fortel senterleiar Tommy Hvidsten. 

Senteret har nyleg fullført kurset Hybrid læringsarbeid i høgare yrkesfagleg utdanning med gode resultat. Kurset starta i januar i år, og har gitt deltakarane kompetanse til å utvikle fagskoledidaktikken, både på fysiske og virtuelle læringsarenaer.

Senter for erfaringsbasert læring er eit av to norske senter som har fått status som Senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning, ei ordning som blir forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), med finansiering frå Kunnskapsdepartementet. Det andre er Senter for nyskapande utdanning ved Fagskolen i Rogaland.

Senter for erfaringsbasert læring er organisert under Fagskolen i Viken.

På biletet ser du senterleiar Tommy Hvidsten og prosjektleiar Helene Karin Mallasvik. 

Finn ut meir om Senter for erfaringsbasert læring

Les meir om senteret på nettsidene deira (erfaring.info).

Interessert i fag- og yrkesopplæring?

Les meir om OsloMet sitt Senter for kunnskap om yrkesfag.

Publisert: 07.11.2024 | Siv Tonje S. Håkensen | Foto: Senter for erfaringsbasert læring / OsloMet