Data om barn og unge

Her finn du relevante data knytt til temaet inkludering av barn og unge i utdanning, arbeid og samfunnsliv.

OsloMet har fleire store løpande datainnsamlingar som bidreg med viktig informasjon om barn, unge og inkludering – både kvantitative og kvalitative data. Sidan byrjinga av nittitallet, har vi gjennomført store nasjonale ungdomsundersøkingar med over 10.000 deltakarar, og vi bidreg årleg med nasjonal surveydata.

Ungdata

Ungdata er lokale borne- og ungdomsundersøkingar (ungdata.no) der skuleelevar (mellomtrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande) over heile landet svarar på spørsmål om korleis dei har det og kva dei gjer på fritida. 

Ungdata på OsloMet sine forskingsprosjektsider.

 

Ungdom i endring

"Ungdom i endring" (uni.oslomet.no) er ein kvalitativ, longitudinell datainnsamling som følgjer ungdommar frå ulike oppvekststader gjennom ungdomstida. Studia har intervjua ungdommane annakvart år frå dei er 13 til dei blir vaksne, og dessutan intervjua ungdommas foreldre.

Prosjektsida til Ungdom i endring.

Ung i Norge

"Ung i Norge"-studien (ung-i-norge.no) starta allereie i 1992 følgjer personar frå ungdomsåra og inn i vaksen alder. Forskarar frå forskingsinstituttet Nova har fulgt fleire tusen personar frå starten av tenåra, fram til i dag.

Du kan også lære meir om prosjektet på deira prosjektside.

Ungdata Pluss

Ungdata Pluss (ungdata.no) er ein studie der barn og unge i Vestfold og Telemark følgjast frå 5.-7. trinn og inn i vaksen alder ved hjelp av gjentatte spørreskjemaundersøkingar og kopling til registerdata. Første datainnsamling vart gjennomført våren 2023 og handla om fritid, livskvalitet og sosial ulikheit. 

Du kan også lære meir om Ungdata pluss på prosjektsida.

UngVold-studien

UngVold-studien (uni.oslomet.no) er ein studie som viser omfang og utviklingstrekk i valdsutsattheit blant ungdom. Undersøkinga vart gjennomført på vidaregåande skular i heile landet i 2007, 2015 og 2023.

Du kan lære meir om prosjektet på UngVold si prosjektside.

Nasjonal trygghetsundersøkelse

"Nasjonal trygghetsundersøkelse" (trygghetsundersokelsen.no) skal gi kunnskap om uro og kor utsatt ein er for lovbrot i Noreg. Undersøkinga blir utført årleg på eit representativt utval på omtrent 70 000 personar i alderen 16-84.

Du kan også lære meir om undersøkinga på prosjektsida til forskingsgruppa.

Referansebudsjettet