Kvanteverda-emne snur opp ned på universet

Portrett av Martin og Gunn Heidi

Sjølv om emnet, som er eit kurs med studiepoeng, kan vere spesielt interessant for dei som jobbar med informasjonsteknologi, passar det likevel for alle, slik som Martin og Gunn Heidi.

For med dette emnet ønskjer professor Sølve Selstø å vise kvifor fagfeltet er av allmenn interesse.

– Denne teorien forklarer oss korleis dei minste byggjesteinane til materien er sett saman, fortel han.

– Mykje av det vi opplever til dagleg har ei forklaring som legg kvantefysikk til grunn, i tillegg blir ei rekkje kvantefenomen utnytta teknologisk. Det har ein gjort i mange hundre år, men no ser vi konturane av det som blir kalla den andre kvanterevolusjonen.

Den andre kvanterevolusjonen inneber ei ny form for kvantedatabehandling, som tillèt algoritmar som ikkje kan køyrast på vanlege datamaskiner. Då kan vi finne meir effektive løysingar på spesifikke problem.

– Ein annan grunn til at det er verd å bli kjend med kvanteverda, er at ho er både vakker og rar. Vi blir utfordra i møte med ho, seier Selstø.

Kvantefysikk

Kvantefysikk er ei grein av fysikk som forklarer oppførselen til partiklar på atom- og subatomnivå.

Sentrale prinsipp i kvantefysikk er kvantifisering av energinivå, usikkerheitsprinsippet og fenomenet kvantetilstandar.

– Morosamaste timane i veka

Martin Hovden, 56 år, til høgre på biletet øvst i artikkelen, har bakgrunn som statsautorisert revisor og økonomidirektør, men no er han nøgd med å vere tilbake på skulebenken nokre timar kvar veke.

– Det er veldig, veldig gøy. Det er dei morosamaste timane i heile veka. Eg diggar å kome hit og vere student, fortel han.

Martin fekk høyre om emnet ved eit slumpetreff.

– Ein eg åt lunsj med spurde meg om eg visste kva kvantefysikk var, og det gjorde ikkje eg. Han forklarte at det kan gje veldig stor datakraft, og viss ein klarer å kontrollere han, så kan ein få “superdatamaskiner”, fortel han.

Det var podkasten Kvantespranget, med Selstø som gjest, som til slutt inspirerte han til å søkje. På podkasten lova Selstø at vidareutdanningsemnet skulle ha låg terskel, noko Martin er samd i at det har.

– Sjølv ein som meg, som har hatt veldig lite matematikk og ikkje noko fysikk i det heile, får noko ut av det. Eg trur det kan vere relevant i jobben min òg.

Vil inspirere unge

Gunn Heidi Freitag, 49 år, til venstre på biletet øvst i artikkelen, har alltid hatt interesse for naturfag, men avskreiv i utgangspunktet fysikk fordi det var kjedeleg og ikkje opna for å utforske og tenkje kreativt.

– Så feil kan ein ta. Nevøen min byrja å studere fysikk, og di meir han fortalde om kvantefysikken, di meir skjøna eg kor lite eg forstod om verda. Så når eg fann dette emnet, måtte eg berre kaste meg på. Og det har eg ikkje angra på, fortel ho.

No håpar ho å kunna bidra med meir kunnskap til samtalane, og gje noko tilbake til nevøen.

– Og viss eg ikkje går inn på noko naturfagleg, har eg lyst til å jobbe med barn og unge. Så kanskje eg kan bidra til å inspirere ungdommen til å tenkje naturfagleg, fortel ho.

Gunn Heidi set spesielt pris på læringsmiljøet i klasserommet.

– Sølve er engasjert og forklarer ut frå føresetnadene våre. Han får veldig mange spørsmål, men vi får aldri kjensla av at vi stiller dumme spørsmål.

– Andre reglar

Martin og Gunn Heidi er begge fascinerte av kvantefysikken, og håpar at fleire tek del i kvanteverda.

– Desse teoriane snur fullstendig opp ned på forståinga mi av universet. Og den undringa ønskjer eg at fleire unge skal få oppleve, seier Gunn Heidi.

Martin synest også at det er viktig at fleire forstår potensialet i kvantefysikken. Sjølv om det blir forska mykje på temaet, blir det ikkje forska så mykje i Noreg.

– Kvantefysikken opererer med heilt andre reglar enn vi har i den observerbare, fysiske verda, og det er veldig fascinerande. Det har så mykje å seie allereie i dag, seier han.

Meir om utdanning i kvanteteknologi

Student som sit med ryggen til og blikket vendt mot bærbar datamaskin, med illustrasjonar av atom og molekyl.
Derfor bør du vite meir om kvanteverda

Kvanterevolusjonen kan endre verda. Vidareutdanninga «Introduksjon til kvanteverda for nyfikne» gjev deg innsikt i korleis verda er skrudd saman, og korleis kvantedatamaskiner kan revolusjonere databehandling.

Bilete av Maryam som viser noko på kvantedatamaskinen til professorane Sergiy og Sølve som står på kvar si side av henne. På bordet framfor dei står de ei svart kvantedatamaskin.
Maryam hjelper Ruter å utforske kvanteteknologi

Kollektivselskapet Ruter vil gjerne vere føre i teknologiutviklinga, og tilsette ein nyutdanna masterkandidat for å utforske kvanteteknologi.