Reglar for sikkerheit og datahandsaming ved OsloMet:
- Sikkerhetsinstruks (student.oslomet.no)
- På sikresiden.no gis det forebyggende opplæring og råd om hva du skal gjøre i en krisesituasjon (sikresiden.no)
Forbod mot røyking og å ta med seg kjæledyr inn i bygga: Inneklima (ansatt.oslomet.no).
Kort sagt, framferd som ikkje er i samsvar med normal folkeskikk og norsk lov, eller framferd som er forstyrrande eller til sjenanse for tilsette eller andre gjester er ikkje akseptabel. Slik framferd inkluderer:
- trakasserande eller trugande oppførsel
- vold
- uanstendig eller fornærmande språk og gestikulering
- unødig støy
Meir detaljert er det ikkje lov:
- å bruke rusmiddel
- å sove i biblioteklokala
- å vaske klede, barbere seg, klippe hår eller «dusje» på toaletta
- å samle inn pengar, ha kampanjar eller drive med oppsøkande verksemd av ulikt slag
- å selje varer eller tenester
- å utøve religion på ein synleg måte eller å misjonere (uavhengig av religion)
- å bruke sykkel, skateboard, sparkesykkel, rulleskøyter eller liknande
I tillegg gjeld Forskrift om politivedtekt, Oslo kommune (lovdata.no).
Ver også merksam på:
- Universitetsbiblioteket er ikkje ansvarleg for personlege eigedelar som blir stolne, borte eller øydelagte i biblioteka.
- Møblar eller anna skal ikkje sperre fluktvegar og naudutgangar.
- Ein må forlate biblioteket når det stenger.
- Det er ikkje tillate å fotografere eller filme andre personar i biblioteket utan kvar einskild sitt samtykke.
Viss gjestar ikkje rettar seg etter regelverket, vil personalet først høfleg gjere merksam på krava biblioteket stiller til dei.
- Brot på regelverket kan føre til midlertidig bortvising. Politi eller vektar kan bli tilkalla for å foreta bortvisinga.
- Lovbrot kan føre til melding av saka til politiet.
- Alvorlege eller gjentekne brot på ordensreglementet vil bli meldt til studieadministrasjonen eller til nærmaste leiar.
Er det noko du vil seie frå om når det gjeld OsloMet som studiestad? Det kan være ros eller ris, opplysningar om noko som er galt eller noko som kan bli betre. Sei frå (student.oslomet.no).