Fem grunnar til å ta vidareutdanning

Studentar snakkar saman på campus

1. Hald utdanninga di oppdatert

Dersom det har gått ein del år sidan du sist studerte har du nok merka at mykje av det du lærte då er utdatert. Endringstakten i samfunnet er høg, og teknologi, trendar og forsking går fortare enn nokon gong. Derfor er det viktig å henga med i utviklinga. Her er vidareutdanning heilt avgjerande. Ved å ta ei vidareutdanning passar du på at du held tritt med endringar, og held fram med å vere ein sterk ressurs i arbeidslivet.

2. Karriereskifte

Me byter jobb oftare enn før, og testar ut ulike bransjar og fagfelt. Om du ønskjer eit karriereskifte kan vidareutdanning vera heilt avgjerande. Med ei vidareutdanning kan du få dei rette verktøya, slik at skiftet blir lettare og mindre tidskrevjande. Ei vidareutdanning gir deg også truverd, og ein arbeidsgivar ser at du tek skiftet seriøst. 

3. Få sterkare CV

Det å ta ei vidareutdanning er ein effektiv måte å få ein sterkare CV på, og gjer at du skil deg ut i mengda. Ved å visa at du er interessert i å vidareutdanna deg og læra, ser arbeidsgivarar at du er dedikert til fagleg utvikling. Dette er positivt frå arbeidsgivarens side då dei verdset kandidatar som engasjerer seg for kontinuerleg læring. Du kan her vidareutdanna deg i noko du merke du treng i arbeidslivet, eller ta vidareutdanning i noko heilt nytt.

4. Lære noko heilt nytt

Som kjent er hjernen ein muskel, og det er ekstremt viktig å alltid læra seg noko nytt og bevara nysgjerrigheita. Kanskje har du alltid ønskt å laga podkast? Eller skriva nyheitssaker? Vidareutdanning er ei gyllen moglegheit til å utforska nye fagområde og eigne interesser. Dette er ikkje berre positivt for karrieren, men også for deg sjølv. For det å læra noko nytt er faktisk lykkebringande.

5. Nettverksbygning

Sjølv om vidareutdanning er fleksibelt, vil det framleis vera tallause moglegheiter for nettverksbygning. Gjennom klassar, workshops, prosjekt og kollokvium har du høve til å møta og samarbeida med andre fagfolk og ekspertar. Nettverket du får kan gi deg karrierevekst, jobbmoglegheiter og framtidig samarbeid.  

Så kva ventar du på? Me tilbyr fleksible vidareutdanningar innan eit utal fagfelt, frå korte emne til heile akademiske grader.

Studenthistorier

Studenter synger og spiller i klasserom.
Musikk bidrar til samhold og mestring

Musikk er en viktig del av høytider, seremonier og andre merkedager. Gjennom videreutdanningen utvikler du egne musikalske ferdigheter og tilegner deg nye aktiviteter til bruk i klassserommet.

Bilde av realkompetansestudener som diskutterer.
Bidra til at enda flere lykkes med jobb og utdanning!

Det er mange veier til kompetanse og kunnskap. Dette studiet er for deg som ønsker økt kompetanse om kartlegging, vurdering, dokumentasjon og verdsetting av voksnes realkompetanse og veiledning av personer med rett til realkompetansevurdering.