Mange av oss er Coop-medlemmer, eller har skaffa oss Trumf-kort og Æ. Vi les avisar på nett og loggar oss inn med Schibsteds Spid-innlogging på finn.no og mange andre nettstader. For ikkje å snakka om alle spora me legg igjen hos Facebook, Apple og Google.
Alle opplysningane om kva me som kundar gjer blir samla inn og lagra, og i dei siste åra har det vore ei rask utvikling i analyse og kommersialisering av slike kundedata, gjerne kalla stordata eller Big Data, blant store norske bedrifter.
Ein ny rapport frå Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet ser på tre bransjar som sit på store mengder data om kundane sine. Mediebransjen har data om den digitale mediebruken vår, daglegvarekjedene har data om daglegvarekjøpa våre, og bank- og finansbransjen har data om kontorørslene våre.
Felles for alle tre bransjane er at dei er i ein prosess der dei i aukande grad analyserer og nyttar seg av dataa.
Bank- og finansnæringa er i ei særstilling når det gjeld forbrukar- og personvern i åra som kjem.– Forskingssjef Arne Dulsrud ved SIFO
Skreddarsydde tilbod
Store mengder data om forbrukarane kan mellom anna setjast saman til å gi skreddarsydde tilbod og tenester retta mot kvar enkelt.
Baksida av medaljen er sjølvsagd at me forbrukarar mistar kontrollen over dei opplysningane som finst om oss, og at me kan bli utsette for uønskt marknadsføringspress. Forskarane bak rapporten ser med bekymring på korleis særlege bank- og finansbransjen bruker kundedata. Denne bransjen har stor innverknad på livet til forbrukarane, og er i stor grad nøkkelen til bustad, velferdstenester og forbruk.
Kundedata over landegrensene
– Bank- og finansnæringa er i ei særstilling når det gjeld forbrukar- og personvern i åra som kjem, seier forskingssjef Arne Dulsrud ved SIFO, og nemner fleire trekk som kjenneteiknar denne bransjen framover.
Bransjen genererer store mengder persondata som blir sett saman på nye måtar, og som blir nytta i kredittvurderingar av kundar og i utviklinga av nye tenestetilbod. Forskarane ser for seg at utviklinga av kundebehandling basert på nedbemanning og automatisering får mykje å seia framover. I tillegg ser dei for seg at nye regelverk frå EU tvingar norske bankar til å dela norske kundars kontoinformasjon med utanlandske selskap som vil konkurrera med dei norske om betalingsformidling.
Persondata som betaling
– Nye personvernreglar frå 2018 gir kundane rett til å ta med kontoopplysningane sine til kva bank dei sjølv ønskjer, noko som kan vera med å bana veg for globale aktørar som Messenger Pay, Amazon og Alipay som konkurrentar til norske Vipps, seier Dulsrud.
Norske persondata kan hamna på den globale marknaden – kanskje i hendene på selskap i land med meir liberal personvernlovgiving enn den norske. Pressa mot kundane aukar.
– Me ser heilt klart moglegheitene for å eit auka marknadsføringspress mot kundar til å nytta persondata som ein del av betalinga for nye og meir kundevennlege betalingsløysingar, seier Dulsrud.
Dei mest sårbare av oss må gjera jobben
I det nye personverndirektivet GDPR blir gitt forbrukaren styresmakt, fullmakt og vern gjennom prinsippet om at individet har full råderett over eigne persondata og må samtykkja dersom det skjer endringar i formålet med bruken av data.
Dette kviler i stor grad på individet si eiga evne til å gjennomføra ei fornuftig og rasjonell avveging mellom nytte ved å gi frå seg persondata på den eine sida, og kostnader og risiko på den andre.
Forskarane er bekymra for at dette ansvaret blir lagt på forbrukarane, som er ein samansett kategori med utsette og sårbare grupper med svært ulike føresetnader til å gjera «fornuftige» val på nettet og i ein digital marknadskontekst. I ein slik kontekst er kunnskap og innsikt svært asymmetrisk fordelt mellom seljar og forbruker.
– Det største reguleringsansvaret kviler på det svakaste leddet, seier Dulsrud.
– Til saman gir dette gode grunnar for å følgja utviklinga tett både frå tilsynsmakter og forsking. Me vil trenga meir kunnskap om korleis forbrukarane agerer og navigerer i ein digital marknadskontekst.
Referanse
Arne Dulsrud og Frode Alfnes: Når stordata blir Big Business. SIFO Oppdragsrapport nr. 10-2017 (hdl.handle.net). Rapporten er skriven på oppdrag for Barne- og likestillingsdepartementet.
Les òg Harald Throne-Holst og Ingrid Kjørstad: Hva koster gratis? Kommersiell bruk av personopplysninger og forbrukerdata (hdl.handle.net). SIFO Oppdragsrapport nr. 11-2016.
Denne artikkelen vart opphavleg publisert på hioa.no/vitenogpraksis 13.03.2018.