Barn og unge vil trenge hjelp når Gaza skal byggast opp igjen

To barn undersøker skadene etter et israelsk luftangrep.

Kva skjer med barn og unge som veks opp i konflikt og krig? Korleis klarer dei å gå vidare med liva sine, og kva kan samfunnet rundt gjere for å hjelpe?

Forskarane Randi Tofthagen og Hedda Bøe Nyhus ved OsloMet har studert situasjonen blant barn og unge i Gaza før 7. oktober 2023, då Hamas angreip Israel. Gazas unge hadde levd i konflikt lenge.

Studien, der forskarane samarbeida med éin norsk og to palestinske kollegaer, vart nyleg tildelt pris frå tidsskriftet «Mental Health & Prevention» på grunn av den potensielle påverknaden han kan ha på mental helse, førebyggingspraksis og vidare forsking på temaet. 

– Vi veit at ting ser heilt annleis ut i dag. Etter at det braut ut fullskala krig, har mange døydd, og for dei som er igjen, er hjelpebehovet enda større enn det var, seier Hedda Bøe Nyhus. 

Likevel har krigen berre gjort forskingsresultata viktigare, meiner Nyhus og førsteamanuensis Tofthagen. 

Kvart fjerde valdsutsette barn kan få PTSD 

I studien samla dei eksisterande studiar på krigsrelaterte traumar blant unge i Gaza og kva konsekvensar dette har for psykisk helse. Dei såg dessutan på meistringsstrategiar og resiliens, altså motstandskraft – evna til å handtere stress og katastrofar. 

Mellom anna fann dei at unge i Gaza hadde høg førekomst av PTSD (posttraumatisk stressliding), stress og angst. Angstsymptom som mareritt var vanlege. 

Etter det siste årets hendingar i Gaza er førekomsten truleg langt høgare, påpeikar forskarane. 

– Mange barn har blitt vitne til bomber, øydeleggingar av bustadområde og svolt. Dei ser menneske bli drepne i krig. Vi veit at barn som opplever mellommenneskelege konfliktar, krig og terror, er meir utsette for PTSD enn barn som til dømes mistar foreldre i ulykker, seier Tofthagen. 

Deira eigen studie presenterer ikkje eintydige tal, men ut frå tidlegare forskning kan ein rekne med at kvart fjerde valdsutsette barn utviklar PTSD (Forskning.no). Til samanlikning har rundt 1-2 prosent av folk i Noreg dette til ei kvar tid. 

Jenter kan vere ekstra sårbare 

I Gaza-studiane forskarane såg på, skåra jenter jamt over høgare enn gutar for subjektiv livskvalitet, altså kor fornøgde dei var med livet. 

Likevel: Ifølgje fleire av studiane var det å vere jente, eldre ungdom (mellom 16 og 19 år)  ha ein far som står utan jobb, samtidig som du blir eksponert for krigshandlingar, dei viktigaste risikofaktorane for å utvikle PTSD i Gaza. 

Det å vere jente og eldre ungdom var også viktige risikofaktorar for angst. Å vere jente var den einaste merkbare risikofaktoren for depresjon. 

– At jenter og også kvinner truleg er meir utsette, er kjent også frå tidlegare. Studiar synast å vise at jenter i større grad enn gutar opplever mellommenneskelege traumar og at jentene kan klandra seg sjølve meir enn gutane gjer. Men temaet er samansett, seier Tofthagen. 

Å klare å handtere kjenslene 

Tofthagen og Nyhus har i tillegg undersøkt kva som gjer at nokon barn og unge ikkje utviklar psykisk sjukdom, sjølv om dei opplever grufulle ting. 

Ein førebyggande faktor forskarane fann, var at barna fekk tilfredsstilt sine grunnleggande psykologiske behov. Dette spenner breitt og betyr mellom anna å bli anerkjend, elska, få uttrykke seg og oppleve håp. 

Ein annan førebyggande faktor er gode strategiar for å regulere kjensler. 

– Slike strategiar handlar om at du er bevisst på kva som triggar reaksjonar hos deg, korleis du reagerer og kva du bør gjere for å regulere reaksjonane dine: å finne måtar å takle kjenslene på, seier Tofthagen. 

I hjelpearbeidet må ein støtte barn og ungdom sine ressursar, og ikkje definere dei som offer, legg ho til. 

Gruppesamtalar og psykisk helsehjelp 

To av forskarane bak studien, er palestinske. Ein av dei bur i Palestina og er sjølv på flukt med familien sin. Samarbeidet har gjort Tofthagen og Nyhus ekstra opptekne av å følgje opp med fleire studiar, som dei no er i gang med. 

– I Gaza finst det i dag ei heil gruppe unge som skal byggje meistringsstrategiar og prøve å leve fullverdige liv. Mange har opplevd grufulle ting, seier Nyhus. 

Eitt mogleg tiltak som omverda kan bidra med, er intervensjonsprogram. Slike tiltak kan vere gruppesamtalar for å styrke sosial støtte blant unge, eller psykisk helsehjelp retta mot grupper med spesifikke behov, forklarer ho. 

– Intervensjonar må bli bygde opp etter dokumenterte behov som det er støtte for i studien. Her treng vi enda meir kunnskap, men vi veit at det trengst både akutt behandling og langsiktig arbeid, og det må skje både på individ- og samfunnsnivå, seier Hedda Bøe Nyhus. 

Referanse

Abdallah Abudayya, Geir Tarje Fugleberg Bruaset, Hedda Bøe Nyhus, Radwan Aburukba, Randi Tofthagen. Consequences of war-related traumatic stress among Palestinian young people in the Gaza Strip: A scoping review, Mental Health & Prevention, Volume 32, 2023. (sciencedirect.com) 

Kontakt

Laster inn ...

Relatert forskning

Jens-Christian Trojel Hviid hjelper Pål Røhnebæk under behandlingen og som sitter foran en stor skjerm.
Nytt håp for behandling av fantomsmerter

Mange med amputerte bein og armer sliter med fantomsmerter. På OsloMet forskes det på en ny behandling, hvor Pål Røhnebæk og andre pasienter trener på å bevege det amputerte beinet.

Ung syklist i skogen.
– Å trene mens man er ung er som å spare til pensjon

– Vi vet at det gunstig å bygge opp fysisk reservekapasitet mens man er ung, men den må vedlikeholdes gjennom hele livet. Ellers tappes bankkontoen fort, sier forsker.

Kvinne med briller og grønn genser holder en kulepenn og smiler mens hun snakker med en person på den andre siden av bordet.
Lavere sykefravær med motiverende intervju

Plager i muskler og skjelett er den vanligste årsaken til sykefravær i Norge. Kan samtaler som tar utgangspunkt i hva den sykmeldte selv tenker bidra til lavere sykefravær?

Forskningsartikkel av:
Fakultet for helsevitenskap (HV)
Publisert: 11.02.2025
Sist oppdatert: 11.02.2025
Tekst: Silje Pileberg
Foto: APAImages / Shutterstock editorial / NTB