Borgarlønnstiltak var like (in)effektive som dei tradisjonelle tiltaka for å få folk i arbeid

To syklistar syklar kvar sin veg.

I Nederland og Finland har forskarar testa ut borgarlønnsinspirerte tiltak for å auke sysselsettinga i landa.

– Det er interessant å notere seg at vanleg aktiveringspolitikk – å krevje at stønadsmottakarane deltek i aktivitetar slik me har i Noreg, ikkje verkar betre enn dei elementa som vart testa ut, seier forskar Ann-Helén Bay. 

Bay har vore leiar for prosjektet som har studert borgarlønnsinspirerte forsøk i fire moderne velferdsstatar. Dei to andre prosjektdeltakarane er Georg Espolin Johnson og Axel West Pedersen. 

Sysselsettinga låg med andre ord ikkje på eit høgare nivå i kontrollgruppa samanlikna med forsøksgruppene verken i Nederland eller Finland.

Kort om borgarlønn

Ei ideell borgarlønn går til alle vaksne, ho blir gitt utan vilkår, er ikkje behovsprøvd og skal vere på eit nivå som er tilstrekkeleg til å leve av. 

I dei fire forsøka rettar ingen av dei seg mot heile befolkninga. Forsøkspersonane har enten låg inntekt eller er mottakarar av sosialhjelp eller anna økonomisk støtte frå staten.

Bay og kollegaer har studert borgarlønnsinspirerte forsøk i fire statar: Ontario (Kanada), Tyskland, Nederland og Finland. Forskarane meiner det er forsøka i Finland og Nederland Noreg kan lære mest av. 

Tiltaka var altså like ineffektive og ingen av dei fekk særlege mange sysselsette. – Ann-Helén Bay

– Det kjem først og fremst av at velferdsmodellen deira liknar på vår, prega av universelle og i komparativt sett sjenerøse ytingar og med sterk vekt på viktigheita at flest moglege deltek i inntektsgivande arbeid, seier Bay. 

Fungerer borgarlønnstiltaka betre enn etablerte NAV-tiltak? 

– Det blir kanskje å trekkje det litt langt, seier Ann-Helén Bay. 

Myndigheitene i Finland og Nederland gav grønt lys til forsøka fordi målet med dei var å få fleire i arbeid. Men resultata frå forsøka er usikre. 

– Det kan sjå ut til at litt fleire kom i arbeid i Finland mot slutten samanlikna med kontrollgruppa som fekk tradisjonell aktivering, seier ho.

I ingen av landa var resultata betre for kontrollgruppa når det gjaldt yrkesdeltaking enn for dei som fekk den borgarlønnsliknande ytinga.

– Tiltaka var altså like ineffektive og ingen av dei fekk særlege mange sysselsette, seier Bay. 

Forskar Ann-Helén Bay.

Ann-Helén Bay er forskar ved Handelshøyskolen og Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI). Ho har forska på borgarlønn i ei årrekkje. Foto: Kamilla Brandal

Prøvde tillit i staden for krav

– I dei finske og dei nederlandske forsøka prøvde dei ut om det å gi mottakarar tryggleik for stønad over ein viss tid, seier Bay. 

I desse eksperimenta prøvde ein å gi mottakarane tillit til at dei ville prøve å komme seg i arbeid sjølv, fremfor at dei vart følgt opp og stilt krav til.

Fungerer tillit betre enn krav? 

Å gi stønad utan å stille krav auka ikkje sysselsettinga over dei to åra eksperimenta varte. Men ho var heller ikkje lågare. Kva fortel det oss? 

– Det er eit tankekors at aktiveringsregimet ikkje såg ut til å gjere ein stor forskjell, seier Bay. 

Eit aktiveringsregime er for eksempel at NAV krev at stønadsmottakarar deltek i aktivitetar for at dei skal kunne få støtte. 

– Så kunne ein jo sjå for seg at resultatet frå desse forsøka ville føre til ein debatt. Både i heimlanda og i land med tilsvarande regime, slik som Noreg, seier ho. 

Førte ikkje til debatt

Så kvifor vart ikkje dette nokon stor debatt? 

– Det kjem nok av at eit aktiveringsregime har fleire formål enn berre å få folk i jobb, seier ho. 

Bay mener at et motiv i dagens regime er å legitimere at nokon får ytingar som andre samfunnsborgarar kanskje ville vore skeptiske til at dei får.

Aktiveringsregimet har altså som jobb å legitimere at nokre borgarar får ytingar, medan andre ikkje får det. Det blir opplevd meir rettferdig på denne måten.

Kan så tvil om «aktiveringsregimet»

Det vart altså inga stor debatt eller endring av politikken i Finland eller Nederland.

– Men det var jo ikkje aktiveringspolitikken som var oppe til doms. Verken i Nederland eller Finland. Så det kom ingen konklusjon, seier Bay. 

Ho trur likevel det ligg noko i funna frå forsøka.

– Funnet kan jo så tvil om kor effektiv den tradisjonelle aktiveringspolitikken er for å få folk ut i arbeid. Og det er jo også eit interessant å merke seg i ei norsk kontekst òg, seier ho. 

Avgjerande at forsøka skulle føre til fleire i arbeid

Forskarane meiner at målet om å få fleire i arbeid var avgjerande for at politikarar i Nederland og Finland skulle støtte gjennomføringa av forsøka. 

– Dette ville også vore tilfellet i Noreg om me skulle testa ut noko slikt her, seier Bay. 

Ho meiner dei store politiske partia er såpass einige om at me skal støtte opp under arbeidslinja at det hadde vore vanskeleg å utføre eksperiment utan at auka sysselsetting også var målet med dei. 

Borgerlønnsforsøka

Ontario Basic Income Study

  • Forsøket starta opp med ei regjeringsoppnemnd arbeidsgruppe som i  2016 fekk i oppgåve å utarbeide ein fleirårig reformplan for systemet for inntektssikring.
  • Eitt av forslaga var å innføre borgarlønn for å redusere fattigdommen i provinsen. 

Pilotprosjektet Grundeinkommen i Tyskland

  • Forsøket skil seg ut ved å vere initiert og finansiert av ei ideell stifting.
  • Deltakarane i forsøket skulle vere mellom 21 og 40 år, bu aleine og vere til vanleg innanfor eit inntektsintervall mellom 1200 og 2600 euro.
  • Forsøket er utforma som ein vilkårsfri, garantert minsteinntekt, og nivået på inntekta er tilnærma i tråd med føresetnaden om at han skal vere mogleg å leve av.

Borgarlønnsforsøka i Nederland

  • Ei gruppe nederlandske kommunar gjennomførte i perioden 2017 til 2019 forsøk inspirerte av borgarlønnsideen. 
  • Forsøka vart igangsette etter førre søknad til regjeringa, som stilte som krav at dei skulle ha som formål å auke yrkesdeltakinga blant stønadsmottakarane.

Borgarlønnseksperimentet i Finland

  • Forsøket er i internasjonal samanheng spesielt ved å vere drive fram frå toppen av det politiske systemet, og ikkje frå grasrotaktivisme eller eit mindretal av borgarlønnsaktivistar innanfor etablerte partier.
  • Det vart annonsert av ei nyvald sentrum-høgre-regjering i 2015.  
  • Grunngivinga til regjeringa for forsøket var å prøve ut løysingar som kunne bidra til at trygdesystemet i større grad oppmuntra til arbeidsdeltaking.

Kontakt

Laster inn ...

Videre lesing

Bay, Ann-Helén; Johnson, Georg Espolin; Pedersen, Axel West 2024: "Borgerlønnsinspirerte forsøk i fire moderne velferdsstater. En litteraturstudie" (oda.oslomet.no).

Relaterte saker

Kvinne sitter utenfor slottet i Oslo og ser utover Karl Johans gate.
Nordmenn mer skeptiske til borgerlønn enn før

Fra 2003 til 2021 har nordmenn gått fra å være positive til borgerlønn til å bli skeptiske, viser forskning. Hva har skjedd?

Mann sitter med bærbar PC i senga.
Jobber du hjemmefra når du er syk? Du er ikke alene

– Ny teknologi gjør det mulig å delta i mange aktiviteter hjemmefra, selv når man er syk. Men fordi muligheten er der, føler man kanskje et press til å bidra, sier forsker Cathrine Egeland.

En mor mater datteren sin på kjøkkenet.
Mødrene til funksjonshemmede barn jobber redusert, er mer sykmeldt og slutter ofte helt å jobbe

– Det finnes ordninger som skal avlaste mødrene, men mye tyder på at de ikke lykkes, sier NOVA-forsker Kaja Larsen Østerud.

Publisert: 30.10.2024
Sist oppdatert: 30.10.2024
Tekst: Pål Arne Kvalnes
Foto: NTB og Kamilla Brandal