– Det aller beste er om alle bruker opp kleda sine

Jente prøver blått klesplagg i bruktbutikk.

Når du ikkje lenger bruker eit klesplagg kan det vere fint å gi det til gjenbruk, er det mange som tenkjer. Kanskje lettar det samvitet når du erstattar det med noko nytt – det er jo trass alt nokon som får glede av det. Men kor mykje sparer du miljøet med bruktkjøpet ditt?

– Det aller beste for miljøet er at alle bruker opp kleda sine. Levetida hos den første brukaren er det aller viktigaste, seier SIFO-forskar Kirsi Laitala.

Nye klede blir mest brukte

I ei spørjeundersøking har forskarane spurt folk kor lenge dei har eigd utvalde plagg, kor mange gonger dei har brukt dei og om dei har kjøpt plagga nye eller brukte, eller fått dei på anna vis. At skreddarsydde klede lever lengst i garderoben er neppe overraskande, men forskarane var meir overraska over noko anna.

– Klede som er kjøpte nye blir brukte fleire gonger enn brukte klede, seier Laitala.

Ho trur det er fleire grunnar til at bruktkjøp blir sjeldnare brukt.

– Brukte klede kan ha slitasje frå før, som gjer at dei ikkje held seg like fine. Sidan dei kan ha blitt kjøpt billig eller fått gratis, har dei ikkje nødvendigvis blitt prøvd på før kjøp. Kanskje trefte det ikkje heilt på smak. Det kan også vere at dei som handlar brukt allereie har mykje klede, for vi veit at dei som har mykje klede gjerne skaffar seg fleire.

Dei som kjøper færrast klede bruker plagga dei eig lenger i gjennomsnitt.

Viktig å tenkje før ein kjøper

– Dei mest miljøvennlege kleda er dei vi allereie har i skapet. Det mest miljøvennlege er at plagga får lengst liv hos første eigar, seier ho.

Globalt er det dei enorme mengdene klede som er det store miljøproblemet. Brukte klede kan derfor spare miljøet viss dei erstattar kjøp av nye klede.

– Det er viktig å tenkje før ein kjøper, sidan det ikkje er sikkert du bruker plagget meir om det er kjøpt brukt. Det er ikkje sikkert det sparer miljøet meir.

Kvar gjer vi av klede vi kvittar oss med?

Mange er positive til å gi til gjenbruk, men dei fleste gir meir til gjenbruk enn dei kjøper brukt. Mange oppgir at dei ønskjer at kleda skal få leve vidare, og aller mest positive er yngre kvinner.

Det er ulike måtar å kvitte seg med klede på, noko forskarane har funne ut både gjennom å spørje folk og ved å gå gjennom innsamla donerte tekstil og hushaldsavfall. Mykje klede blir gitt i konteinarar for kledeinnsamling og noko blir gitt til venner og familie. Men også ein stor del brukbare tekstil hamnar i søpla.

– Det er ulikt kor lett dei ulike løysingane er for folk. Det er ikkje alle stader rundt i landet det er lett å gi til gjenbruk, seier Laitala.  

Vi gir alle slags klede til gjenbruk, også ein del som ikkje eignar seg til gjenbruk. Desse kan til dømes brukast til filler.

Men gjenbruk er ikkje problemfritt. Den norske marknaden for kommersiell gjenbruk av klede er førebels liten, sjølv om det stadig dukkar opp nye bruktbutikkar. Nesten alt som blir samla inn, 97 prosent, hamnar utanfor Noreg sine grenser.

– Dessverre hamnar mykje av kleda i fattige land med dårleg eller manglande avfallshandtering, ofte på uoffisielle forureinande avfallsdeponi, seier ho.

Portrett av Kirsi Laitala

Kvifor kvittar vi oss med klede?

Det er tre hovudgrunnar til at vi kvittar oss med klede, ifølgje kledeforskarane. Slitasje er ein openberr grunn, og om lag kvart tredje plagg blir kasta fordi det er utslite. Det kan vere slitasje i stoffet, øydelagt glidelås, fargar som er falma eller andre grunnar.

Ein annan viktig grunn kan vere at plagget ikkje passar lenger, og det er veldig vanleg for barneklede. Men ein stor del av kleda har kanskje aldri passa. Det er jo ikkje alle som har standard kropp, eller kanskje passforma på kleda har vore litt rar eller det har vore eit bomkjøp.

Den tredje grunnen er meir samansett og handlar om mangel på opplevd verdi. Det handlar altså om smak, behov og mengder.

– For å lage plass i garderoben kvittar du deg med det som ikkje er like fint som dei andre plagga. Det kan vere at plagget ikkje lenger har bruksverdi, ikkje lenger er moderne eller ikkje lenger fell i smak.

– Dei fleste av oss har så mykje klede at vi ikkje kan setje pris på alle plagga vi eig. Vi får noko nytt som er finare, og då går det gamle ut, sjølv om det framleis er heilt brukbart, seier Laitala.  

Kva skal skje med dei brukte kleda?

I løpet av 2025 skal alle kommunar i Noreg tilby innsamling av klede. Kva skal skje med alle dei innsamla kleda? Tekstil-til-tekstil-resirkulering er ei løysing, og her går det føre seg mykje utvikling. Det står likevel att mykje før dette blir lønnsamt i stor skala, meiner Laitala.

Gjenbruk er likevel betre enn resirkulering, fordi resirkulering bruker mykje ressursar, som energi.

– Derfor er det aller beste at kleda får ei lang levetid hos første eigar, seier ho.

Forskar Kirsi Laitala foran tekstplakatar på museumsvegg og ein blå vegg med teksten Beyond fast fashion.

Kirsi Laitala på utstillinga Beyond fast fashion i Klimahuset, Botanisk hage. Foto: Kjersti Lassen

Om forskinga

Prosjektet Lasting – berekraft gjennom produktlevetid handlar om korleis levetida til forbruksvarer som klede, møblar og kvitevarer kan forlengjast. Nyleg opna utstillinga Beyond fast fashion i Klimahuset i Botanisk hage, der publikum kan lære meir om belastninga kledeforbruket vårt har på naturen. Utstillinga er eit samarbeid mellom SIFO og Naturhistorisk museum. Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd.

Referanse

Laitala, K., Klepp, I. G., & Løvbak Berg, L. (2024). The impact of mods of acquisition on clothing lifetimes. In K. Niinimäki (Eid.), Recycling and Lifetime Management in the Textile and Fashion Sector (pp. 91-111). CRC Press.

Kontakt

Laster inn ...

Relatert forskning

Hauger med klede, kvinnearmer held i kledene.
Ingen vil slutte med plast i klede

Skulda blir lagd på forbrukarane, men det er klesindustrien som må ta rekninga for søppelberga med syntetiske klede, meiner forskarar.

hender som holder klær
Vi elsker ull, men kjøper syntetisk

Vi foretrekker naturmaterialer i klærne våre, men kommer som oftest hjem fra butikken med noe annet, viser en ny studie fra SIFO.

plastposer med brukte klær utgjør en stor søppelhaug i en lagerhall
Vi kaster klær med merkelappen på

Vi kaster enorme mengder klær, og det meste inneholder polyester og annen plast. Vi trenger mer kunnskap for å kunne oppfylle kravet om tekstilinnsamling innen 2025, mener forskere.

Jente med strikkegenser står på en eng blant sauer.
Hvordan kan vi gå fra hurtig til langsom mote?

Løsningen finnes rett foran nesen på oss, mener klesforsker Ingun Grimstad Klepp.

Publisert: 16.04.2024
Sist oppdatert: 16.04.2024
Tekst: Kjersti Lassen
Foto: Kerstin Mertens, Samfoto / Portrettfoto: Eivind Røhne