– Ein alvorleg situasjon for matvareberedskapen

ukrainsk soldat på et jorde

I mars 2020 kunne vi oppleve at butikkane var tomme for varer som dopapir, mjøl eller gjær. Matvaregrossistar og styresmakter bad folk slutte å hamstre, og heldigvis var varene snart tilbake i butikkane.

I mars 2022 er matvareberedskap igjen på agendaen. Ein mykje meir alvorleg situasjon, ifølge SIFO-forskarar som har analysert korleis innkjøps- og etemønsteret vårt endra seg gjennom pandemien. Kva har vi lært om matvareberedskap, og korleis reagerer vi i kriser?

Mykje tydar på at krigen i Ukraina vil føre til at prisane på korn og andre naudsynte varer vil gå i vêret framover.

– Det som skil Ukraina-krisa frå pandemien, handlar om tilgangen til mat. Det er ein mykje meir alvorleg situasjon no, seier Arne Dulsrud.

Auka prisar på korn og gjødsel

– Grunnen til at konsekvensane av koronakrisa ikkje var større er at verdshandelen fungerte knirkefritt. Særleg for eit land som Noreg, med god råd, seier han.

I situasjonen vi har no blir heile verdshandelen ramma, både på kort og lang sikt. Vi er i starten av denne nye krisa. Kornprisane kjem til å gå opp, og det får konsekvensar for matprisane. Russland og Ukraina står for om lag 35 prosent av verdshandelen for kveite. I tillegg vil utfordringar i produksjonen av kunstgjødsel føre til høgare matvareprisar. Russland stansa nyleg eksporten sin av råstoff som fosfat, kalium og nitrogen, som blir brukt til kunstgjødsel.

Ukraina-krisa får direkte innverknad på norsk landbrukspolitikk, og Dulsrud trur sjølvforsyning kjem til å vere høgare på agendaen framover. Til dømes er debatten om kornlager i Noreg allereie i gang.

– Vi er heilt avhengige av import av enkelte matvarer, som kjøt, og desse kjem til å bli dyrare som følgje av auka kraftforprisar. På sikt vil det få konsekvensar for forbruksmønsteret vårt, meiner Dulsrud.

Fleire tenkjer på beredskap

Utfordringane under pandemien handla mindre om sjølvforsyning, men meir om hamstring, køar, forseinkingar og problem ved grensepassering.

Etter at det fyrste sjokket la seg, blei desse problema løyst ved godt samarbeid mellom styresmakter og næringsaktørar. Likevel er det mykje å lære av korleis forbrukarane handterte den uventa situasjonen.

– Gjennom pandemien har medvit om beredskapslager auka. Eg trur fleire tenkjer på det enn før, seier Harald Throne-Holst.

SIFO har gjort fleire undersøkingar om innkjøps- og etevanar under korona-pandemien, og samanfattar desse i ein fersk rapport. Her har dei også inkludert intervju med aktørar i næringsliv og ein fokusgruppe med vanlege forbrukarar.

Matvanar i endring

Styresmaktene tilrår at vi har eit lager av vatn, mat og andre naudsynte varer i tilfelle ei krise. Throne-Holst meiner pandemien har vore ein vekkjar for folk, og at mange har gjort endringar i vanane sine.

– Eit stort fleirtal fortalde at dei har endra vanar, både når det gjaldt innkjøp, matlaging og eting, seier han.

Det var til dømes nokre som fortalde at matlaginga av ulike grunnar blei enklare enn dei var van med, mens andre gjekk motsett veg og brukte tida til å utvikle matlaging som ein hobby.

– Fyrst og fremst følgde folk oppfordringa frå styresmaktene og handla sjeldnare og i større mengder av gongen.

Mange fekk også auga opp for netthandel, sjølv om det framleis utgjer eit lågt volum.

Når blir det hamstring?

Kva slags matlager vi har avheng av kva vi har plass til heime og kva vi har råd til. Undersøkinga viser til dømes at dei som bur i by, har mindre lagre av mat enn dei som bur utanfor byane. Det kan skyldast mindre plass til kjøleskap og fryseboks, og lettare tilgang til butikkar.

For informantane i undersøkinga var det vanskeleg å seie noko om kor grensa går mellom fornuftig beredskapslager og hamstring.

– Folk er litt ueinige med seg sjølve om kva hamstring er. På den eine sida fordømmer dei hamstring, til dømes slik vi såg med dopapir i byrjinga av pandemien. Det blir møtt med ei viss moralsk forarging. På den anna side vil folk gjerne kjøpe litt ekstra av det dei har stort behov for, og gjerne før alle andre begynner å hamstre, seier Throne-Holst.

Det er altså ein hårfin balanse mellom det å ha eit visst lager med mat og det å hamstre. Og slettes ikkje merkeleg å sørgje for å ha det ein treng for å dekke sine behov litt framover i tid.

Referanse

Harald Throne-Holst, Arne Dulsrud, Torvald Tangeland og Unni Kjærnes: Husholdningenes innkjøps- og spisemønster under pandemien (oda.oslomet.no). SIFO-rapport nr. 15-2021

Rapporten er skrive på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Kontakt

Laster inn ...

Relatert forskning

far og to barn rydder på kjøkkenet
Vi kan ikke alltid velge når vi skal bruke strøm

Det er mye vi forbrukere kan gjøre for å redusere strømforbruket, men hvor lett det egentlig å endre vanene våre?

mennesker på Karl Johans gate i Oslo
Korona har forsterket den økonomiske ulikheten i Norge

De fleste av oss har klart oss bra økonomisk gjennom krisen, men for de mest utsatte er økonomien enda strammere enn før.

kvinne med ansiktsmaske i skog, kikker oppover
Nye forbruksvaner kan være godt nytt for klimaet

Har korona endret forbruksvanene våre i en mer klimavennlig retning? Mindre reising og mer netthandel er vaner som kan komme klimaet til gode.

to kvinner husker og snakker sammen
Uten venner og nettverk er du ekstra sårbar i kriser

Korona-krisen har gjort det tydelig for oss hvor mye sosiale nettverk betyr i vanskelige tider. De mest sårbare blant oss er de med få sosiale relasjoner.

Publisert: 08.03.2022
Sist oppdatert: 08.03.2022
Tekst: Kjersti Lassen
Foto: Aris Messinis, AFP