Ver obs på desse formene for mobbing

Fire personar som står på ei scene og som har på seg gammaldagse kostyme.

– Det er veldig viktig å forstå at gruppedynamikkar speler ei vel så viktig rolle i mobbing som enkeltelevar, seier forskar AFI-forskar Selma Therese Lyng ved OsloMet.

– Sosial utryggleik, svakt samhald, hierarki og klikkdanningar i grupper kan føra til mobbing, også blant elevar som ikkje har dei klassiske kjenneteikna for «typiske mobbarar», seier Lyng.

I ein fersk artikkel beskriv ho fire ulike måtar mobbing i grupper kan gå føre seg på.

1. Jakta eit felles offer

"Ein tiandeklasse har opplevd eit nærast uforsvarleg klassemiljø i 2,5 år. Det er først og fremst jentene som er direkte involvert, men konfliktar, mobbing og aggresjon har prega klassen. Skulen har jobba intensivt med å løysa kvar episode dei får vita om, men det oppstår stadig nye episodar og det skiftar stadig kven som er offeret.

Til slutt blir ei jente utpeika av klassekameratane som opphavet til «dramaet». Dei seier at ho har skapt splid mellom dei andre jentene, baksnakka, spreidd usanne rykte og sett elevar opp mot kvarandre. Når det skjer ein episode der ho blir utsett for ei krenking lærarane oppfattar som særleg hatefull og grov, blir ho flytta til ein annan klasse. Ho fungerer fint der, men miljøet i den gamle klassen betrar seg ikkje. Her er det framleis store konfliktar, ryktespreiing, baksnakking og «dritslenging»."

– Dette er eit godt døme på at angsten for å bli utestengd skaper mobbing. Behovet for å bli inkludert i grupper er heilt grunnleggjande for oss menneske. I grupper med høg grad av uvisse aukar frykta for å bli ekskludert, og det kan utvikla seg til sosial panikk, fortel Lyng.

For å dempa angsten leitar gruppa etter eit felles offer som kan stengjast ute og bli «den andre». Dermed får resten av elevane i klassen ei kjensle av at dei høyrer til i gruppa og at det er mindre fare for at dei skal bli utestengde, forklarer ho.

– I tillegg til at det er forferdeleg for den som blir utsett for det, er det ikkje alltid ei varig løysing for resten av gruppa heller. Så lenge den sosiale utryggleiken held fram, vil behovet for å jakta på eit nytt offer kunne triggast igjen.

2. Skapa ein avvikar

"Ei jente i 6. klasse byter skule fordi ho vart utsett for mobbing. Ho blir raskt utpeika som veldig annleis av klassekameratane i den nye klassen. Dei forklarer det med at ho er muslim, bruker hijab, ikkje dusjar med dei andre jentene, luktar vondt og at ho seier og gjer «så mange rare ting». Også far hennar blir utpeika som rar og annleis.

Skulen tok tak i saka som ei mobbesak, men sjølv i ettertid nektar dei andre elevane for at ho vart mobba. Dei innrømmer at dei var "ekle mot henne nokre gonger", men forsvarer det med nettopp det at ho var så «unormal». Eleven byrja på ein annan ungdomsskule enn dei tidlegare klassekameratane sine."

– Dette er eit godt døme på at vanlege gruppedynamikkar som sosial stempling og stigma kan føra til mobbing i skulen. Gjennom å stempla og utstøyta medelevar som avvikarar og «unormale» bidreg mobbinga til samhald i resten av gruppa, samtidig som ho held oppe reglane for kva som er «normalt» i gruppa.

3 og 4. Sosiale hierarki og klikkdanning

"I ein åttandeklasse beskriv både lærarar og elevar miljøet som godt og inkluderande. På toppen av hierarkiet i klassen tronar den kule gutegjengen. Dei er godt likt og opplevast som snille og greie av både lærarar og elevar, men samtidig er dei frykta av klassekameratane. Dei har nemleg som vane å komma med latterleggjerande og nedsetjande kommentarar til kven som helst.

Dette har vorte ein identitetsmarkør for den kule gjengen, samtidig som det styrkjer deira suverene posisjon i klassehierarkiet. Det har utvikla seg eit miljø der få elevar tør å ta ordet i klassen, og dei fleste held ein låg profil for å sleppa å bli det neste offeret.

I tillegg blir tre gutar på botnen av hierarkiet i klassen subtilt, men konstant rakka ned på, både av den kule gutegjengen og andre elevar – òg dei elevane som i intervju snakkar mest om korleis dei sjølv fryktar og blir ramma av same typar krenkingar frå «dei kule gutane». Ingen i klassen, heller ikkje dei tre gutane, oppfattar det som mobbing."

– Dette dømet viser korleis både sosiale hierarki og klikkar kan vera drivkrefter i mobbing. Desse dynamikkane handlar ikkje om å skapa sosialt samhald i gruppa eller avvikarar og «unormale» som blir støytte heilt ut.

– Det handlar om å markera sosiale skilnader i identitet og mindre gruppefelleskap innanfor den store gruppa av «oss normale», gjennom meldingar om at du er lågt nede på rangstigen, eller at du ikkje er bra nok til å tilhøyra akkurat denne klikken, seier Lyng.

Men det er like fullt mobbing ifølgje den etablerte definisjonen, understrekar ho. Altså gjentekne negative ord og handlingar som det er vanskeleg å forsvara seg mot, som dritslenging, latterleggjering, blikking, baksnakking, ignorering og utestenging.

Ikkje eit problem i seg sjølv

Markering av skilnader er viktige for å skapa identitet, og det er ikkje nødvendigvis eit problem i seg sjølv, påpeikar forskaren.

– Utfordringa er at desse formene for identitetsmarkering blir så intensive i skulen, særleg frå mellomtrinnet og utover i ungdomsskulen. I denne perioden handlar det veldig mykje om å markera kven ein er og ikkje er, og kva for posisjon ein har i hierarkia får mykje å seia for mange.

– Når det blir skapt skarpe skilje mellom hierarkiske posisjonar og klikkar av «me» og «dei andre» aukar det risikoen for at tilhøyrslar og skilnader blir markerte på nedsetjande måtar som i desse døma, som får andre til å kjenna maktløyse, maktesløyse og frykt. Det er fordi empatien vår har ein tendens til å svekkjast overfor folk med lågare sosial status og folk utanfor vår eigen «inngruppe».

– Vanskelegare å oppdaga

Dei to første døma beskriv mobbedynamikkar der det er veldig tydeleg at ein eller nokre få blir mobba. Dei blir utsette for hatefulle handlingar, og dei andre elevane får veldig sterke negative kjensler for offeret. Noko som igjen er med på å rettferdiggjera og halda oppe mobbinga.

– Desse to formene for mobbing er identifiserte av forskarane Dorte Marie Søndergaard og Robert Thornberg. Dei som blir utsette for mobbinga blir heilt utanfor og sosialt døydde, og det er nesten umogleg å komma seg ut av den posisjonen igjen. Her såg me òg korleis desse formene for mobbing vart fanga opp av skulen, men at tiltaka dei sette i verk ikkje var tilstrekkelege, seier Lyng.

Dei to andre typane gruppedynamikkar i materialet til forskaren var både meir vanlege og vanskelegare å oppdaga.

– Mobbing driven fram av sosiale hierarki og klikkar blir sjeldnare oppfatta som mobbing av lærarar og elevar. Eg trur det handlar om at negativ samhandling mellom elevar i ulike posisjonar og klikkar blir teken for gitt, som ein uunngåeleg del av livet i skulen. Hierarki og klikkar er så utbreidde, og har vore ein del av skulegangen til dei fleste av oss.

Lyng meiner at slike dynamikkar er særleg viktige å ta tak i og førebyggja.

– For det første fordi drivkreftene bak hierarki og klikkdanning er særleg sterke nettopp i dei skuleåra då mobbefrekvensen er på det høgaste. For det andre fordi den intensive markeringa av skilnader mellom elevar i ulike posisjonar og grupper òg kan bidra til eit sosialt klima der sosial eksklusjonsangst og svakt samhald triggar jakta på felles offer og «avvikarar» som blir støytte heilt ut.

– Skap ein fellesskap i klassen

Lyngs råd til lærarar og andre vaksne for å førebyggja desse fire mobbedynamikkane, er å bruka meir tid og merksemd på klassen som gruppe.

– I mobbeførebyggjande arbeid blir det lagt stor vekt på varm og tydeleg klasseleiing og at lærarar skal etablera gode relasjonar til kvar enkelt elev. Men for å førebyggja og stoppa mobbing i grupper, må ein òg jobba aktivt for å etablera eit «gyldig me» i klassen.

– Her ligg det eit stort potensial i å leggja opp både faglege og sosiale aktivitetar på måtar som byggjer fellesskap, «vi-følelse» og sosiale band mellom elevane, på tvers av posisjonar og vennegrupper, avsluttar ho.

Fakta om studien

Materialet som er brukt i denne artikkelen er frå forskingsprosjektet «Elevenes psykososiale miljø», som vart utført av AFI og NOVA på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

Her har Selma Therese Lyng og Ingunn Marie Eriksen undersøkt 20 barne- og ungdomsskular på Austlandet som har jobba aktivt for å førebyggja og stoppa mobbing.

Det kvalitative materialet omfattar observasjonar og intervju med både skuleleiing, lærarar og elevar.

Referansar

Selma Therese Lyng. The social production of bullying: Expanding the repertoire of approaches to group dynamics. Children and society (2018) (onlinelibrary.wiley.com). Artikkelen er støtta av Utdanningsdirektoratet.

Fleire publikasjonar frå prosjektet

Denne saka vart opphavleg publisert på hioa.no 11. juni 2018.

Kontakt

Laster inn ...
Forskningsartikkel av:
Arbeidsforskningsinstituttet AFI
Publisert: 20.09.2018
Sist oppdatert: 20.07.2023
Tekst: Heidi Ertzeid
Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet

Relatert forsking

Pasient og fysioterapeut under ei behandling.
Denne behandlinga gav mindre smerter og betre mental helse

Pasientar fekk eit betre liv med psykomotorisk fysioterapi.

Gruppebilde Skam-besetningen foran et vindu, alle ser alvorlig ut
Hva var det med Skam?

Helt usannsynlig at en norsk high school-serie skulle nå så bredt som Skam, mener redaktøren av ny bok om suksessen.

Stekt laks på en tallerken med nudler og salat og en gaffel.
Nesten bare godt voksne spiser fisk

Dagens produkter passer ikke inn i de unges spisevaner, viser studie.

Nærbilete av ei verktøykasse.
Nav-tilsette: Veit for lite om arbeidsmarknaden

Sosialarbeidarane i Nav meiner dei ikkje kan nok om behova i arbeidslivet.

Putekrig
Meiner småbarn har godt av litt lekeslåssing

Det er leik som er bra for barna, sjølv om det kan enda med gråt, meiner forskar.

Høyrehendene til to personer som hilser på hverandre.
Lønner seg å ansette folk som bryr seg om andre

Organisasjoner bør ansatte folk som ikke først og fremst bryr seg om seg selv, men som også er opptatt av andre.