Meiner småbarn har godt av litt lekeslåssing

Putekrig

– Barna utforskar alt rundt seg både ute og inne. Ofte kallar me det ikkje klatring, fordi det er så lågt, men heile tida flettar dei inn nye element i leiken som gjer at dei kan bli redde. Mange barn elskar å lekeslåss og jaga kvarandre, medan vaksne kanskje ikkje liker denne leiken fordi det kan enda med gråt, seier Rasmus Kleppe.

Men han meiner denne forma for leik er bra for barna. Stipendiaten, som nyleg disputerte med doktorgrada si ved OsloMet, har forska på det han kallar risikoleik blant barn som er mellom eitt til tre år gamle.

Han forklarer at risikoleik for dei yngste handlane i stor grad om utforsking. For dei aller minste kan det vera noko så tilsynelatande enkelt som å reisa seg opp, medan for dei litt eldre barna kan det vera lek med høgd, fart, farleg verktøy eller nær farlege element, boltreleik eller å gøyma seg for vaksne. 

– Dei opplever spenning, glede, nøling og det er ein sosial bit ved at dei gjer dette saman med andre barn. Barna lærer av erfaring og tilpassar utfordringane sjølv, dei lærer seg om eigne grenser og avgrensingar. Dersom dei ikkje lærer dette som barn, kan dei enda opp med å ta for store sjansar når dei blir eldre, seier Kleppe.

– Barna oppsøkjer risikoleik fordi dei har lyst, det er gøy og dei får ei spenningskjensle, seier han.

Krasjing og slåssing

Kleppe har observert korleis barn i barnehagar leikar saman, og kartlagt ulike former for risikoleik. Hos eittåringane kan det vera vanskeleg å sjå kva dei kjenner, og det å reisa seg og gå kan vera risiko nok i seg sjølv. Medan toåringane har vorte meir mobile og leiken byrjar å likna risikoleik til dei litt eldre barna.

– Leiken til barna har ein viss fare for at det kan oppstå skade eller at barnet opplever det som farleg, seier Kleppe.

– Eg såg veldig ofte at barn leika med krasjing. Det kunne vera at dei løp i veggen, senda gjenstandar mot kvarandre eller kasta seg på ein madrass på puterommet.

Han observerte òg at småbarn såg på barn som leika og tok sjansar gjennom å lekeslåss, aka eller hoppa, men dei deltok ikkje sjølv i dette.

Oversett eller støtta

Kleppe har sett hovudsakleg to reaksjonsmønster frå dei tilsette i barnehagen når det gjeld risikoleik.

– Nokon var til stades, men oversåg heilt situasjonen og viste ikkje teikn til samspel med barna, seier Kleppe.

– Medan andre tilsette støtta leiken på ein god måte gjennom å stilla opne spørsmål, gi oppbakking og visa ein anerkjennande veremåte. Eg observerte svært få såkalla overreaksjonar frå dei tilsette.

Barna treng miljø med utfordringar

Kleppe er oppteken av at risikoleik for barna er gøy, frivillig, indre motivert og at barna sjølv opplever det som ein leik. Han meiner  barnehagane bør ha miljø med utfordringar for dei yngste barna både ute og inne.

– Om vinteren har dei yngste barna så mykje klede på ute at det er vanskeleg å bevega seg, men når dei kan basa inne i berre strømpebuksa i eit puterom, har dei full kroppsleg fridom. Å ha til dømes ei sklie inne gir òg erfaring med fart heile året.

– Med så små barn er det sjølvsagt vanskeleg å tolka kva barna opplever, men det er viktig å ha god tid med barna og observera dei. Då kan ein betre skjønna kva som vil vera ein auka risiko for det enkelte barnet. Barna tek ofte sjansar når dei vaksne er i nærleiken, seier Kleppe.

Lite forsking

– Risikoleiken til dei yngste barna er ikkje dokumentert i forskinga, så dette er første doktorgradsarbeid om temaet, seier Kleppe.

Funna håpar han at praktikarar kan bruka i barnehagen og at det kan forskast vidare på temaet.

Risikoleik er kanskje ikkje det første ein tenkjer på når ein snakkar om dei yngste barna i barnehagen. Difor har òg pedagogikken rundt barn frå eitt til tre år konsentrerte seg mest om tilknyting, omsorg og nære relasjonar.

– Når ein har undersøkt eittåringar opp til treåringar har ein tradisjonelt sett på forhold innan psykologi, seier Kleppe. – Innan pedagogikk har ikkje den utforskande biten stått i sentrum, og risikoleik har ingen tung fagtradisjon.

Dette ønskte Kleppe å gjera noko med, fordi han meiner det er viktig for dei minste barna og for yrkesutøvinga til dei vaksne i barnehagen. – No når snart alle eittåringar går i barnehage, er det viktig at ikkje tryggingsargument alltid vinn over pedagogiske argument.

Referanse

Rasmus Kleppe: One-to-three-year-olds' Risky Play in Early Childhood Education and Care. Doktoravhandling ved OsloMet (2018)

Denne saka vart opphavleg publisert på hioa.no 09.03.2018.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 03.09.2018
Sist oppdatert: 13.07.2023
Tekst: Kari Aamli
Foto: Janne Veirud

Les mer

Eple som blir skore opp på skjerefjøl med ein stor kniv.
Nesten halvparten seier dei ikkje har nok mat på asylmottak

Studie frå OsloMet viser at 44 prosent av asylsøkjarar i norske mottak opplever å vera svoltne.

Skjærebrett med tomater som noen kutter med kniv samt agurkskiver
Vi spiser ikke mindre kjøtt for miljøets skyld

Svært få av oss er villige til å legge om livsstilen for miljøets skyld.

Barn som holder en kvinne i hånda
To av tre kommuner mener de kan fortsette å bosette et høyt antall flyktninger

Mange kommuner mener de fortsatt har stor kapasitet for å ta imot flyktninger.

Jente som støtter hodet på et bord med bøker foran seg og ser drømmende til siden.
Store karakterforskjeller mellom elever med ulik innvandrerbakgrunn

Forskere ved OsloMet har funnet store forskjeller både i karakterer og hvor mye lekser ungdom gjør.

Mor og sønn går på et svaberg ut mot havet.
Slik påvirker ferien jobblivet

Ferie styrker arbeidsgleden, men det varer ikke lenge.

Hodet til et skjelett i forgrunnen, i bakgrunnen to plakater med henholdsvis musklatur og skjelett
Menn kan endre at utdanningssystemet er kjønnsdelt

Mennene må ta tradisjonelle kvinneutdanninger for at det skal skje en endring.

Hender som ordnar med ein blomsteroppsats i ei glasskål.
Flyktningkvinner kjem raskare i jobb i Norden

Introduksjonsprogramma bidreg til at flyktningkvinner kjem raskare i jobb i Noreg og Sverige enn i andre europeiske land.