Internett jamnar ut forskjellar mellom ungdommar

Ung jente tastar på ein PC ho har på fanget.

Kva rolle speler sosiale medium, dataspel og digitale tenester i liva til ungdom med funksjonsnedsetjingar? Ei undersøking gjord for Barne- og familiedepartementet (BFD) viser at IKT og digitale medium er viktige for ungdommane for å skape og halde sosiale relasjonar ved like og for å kontrollere korleis dei presenterer seg for omverda.

– Det vi finn er overraskande positivt, seier Sifo-forskar Henry Mainsah, som har gjort studien saman med Kamilla Knutsen Steinnes og Helene Fiane Teigen.

– Det var veldig få som trong hjelpemiddel knytt til den nedsette funksjonsevna si, seier han.

Forskarane hadde trudd at det skulle vere meir behov for ulike program til hjelp, som til dømes leseprogram for blinde og svaksynte. Undersøkinga viser derimot at barn og unge med funksjonsnedsetjingar ikkje nødvendigvis har fleire utfordringar på nett samanlikna med andre.

– Sjølv om utvalet i studien var avgrensa, kan det verke som internett har god universell utforming og verkar utjamnande, seier Mainsah.

Skjuler funksjonsnedsetjing

Likevel er det mange som svarer at dei ikkje er opne om funksjonsnedsetjinga. Forskarane veit ikkje kvifor det er slik.

– Ikkje alle ønskjer å vise seg sjølv heilt ærleg på nett, seier Helene Fiane Teigen.

– Vi reknar med at ungdommane ikkje vil at dette skal definere dei som person. Nokon er kanskje redde for å bli stigmatiserte og at det skal vere til hinder for karrieren, medan andre synest nok berre at det ikkje er relevant, seier Teigen.

Mange av ungdommane i undersøkinga oppgir at dei har fleire kontoar til ulik bruk på sosiale medium. Andre ungdommar gjer akkurat det same.

– Vi finn at dei ulike gruppene ungdom er ganske like. Ungdom med funksjonsnedsetjingar er like oppteken av "likes", identitetsuttrykkelse og sosiale relasjonar som ungdom utan funksjonsnedsetjingar, seier Kamilla Knutsen Steinnes.

– Ungdommane sjølv tok det for gitt at dei var vanlege ungdommar på nett, seier ho.

Meistrar fritida betre enn skulen

Fleire av ungdommane fortalde om lite oppfølging, lite informasjon og manglande tilgang på rette hjelpemiddel på skulen. Ein grunn til dette kan vere at ungdommane i større grad har høve til å bestemme og styre den digitale fritida si, medan på skulen er dei prisgitt kvar enkelt skule sine ressursar.

Ungdommane er gode på å finne applikasjonar og strategiar som gjer kvardagen på nett enklare for dei. Dei kan til dømes bruke teksting på filmar og seriar (også på YouTube), dei kan sjølv finne program og applikasjonar som gjer tekst meir leseleg, og dei kan bruke Adblock for ikkje å bli distraherte.

Fakta

Undersøkinga er gjennomført på oppdrag for Barne- og familiedepartementet. Forskarane har gjennomført fire fokusgrupper med 22 unge, og dessutan gjort ei spørjeundersøking med 481 unge i alderen 15–22 år. I tillegg er det gjort ein litteraturgjennomgang og møter i referansegruppe med relevant ekspertise.

Referanse

Henry Mainsah, Kamilla Knuten Steinnes og Helene Fiane Teigen: En undersøkelse av det digitale hverdagslivet til ungdom med nedsatt funksjonsevne. SIFO-rapport nr. 11-2019 (fagarkivet.oslomet.no).

Kontakt

Laster inn ...

Relatert forsking

To jenter tar selfie ved siden av et stort speil
Utsettes for ny type kroppspress

Skjønnhetsfiltre på sosiale medier gir kroppspress blant ungdom, skriver SIFO-forskere.

Vegg med utskrifter bestående av ansikter og tekster fra reklame på sosiale medier.
Store forskjeller på reklame for gutter og jenter på sosiale medier

– Vi ble overrasket over hvor kjønnsdelt reklamen på sosiale medier er. Den er veldig ensidig, og det er ikke mye mangfold, sier forsker bak ny rapport.

Nærbilde av hender som holder mobiltelefoner
– Vi bør passe bedre på persondataene våre

Mange nettsteder gjør det unødig komplisert å sjekke hvilke persondata de samler. Reglene burde bli strengere, mener forsker.

Publisert: 14.01.2020
Sist oppdatert: 30.07.2024
Tekst: Kjersti Lassen