Julekalendrar litt mindre populære enn før

julekalender som heng på ei snor

I jula er vi svært tradisjonelle, og gjer gjerne som vi har pleidd å gjere. Kalendrar for å korte ned ventetida fram mot jul har vi halde på med i Noreg sidan 1950-talet. Praksisane våre knytt til å gi julekalendrar har endra seg lite dei siste seks åra, viser ein ny SIFO-studie. Likevel viser tala ein nedgang frå 57 prosent i 2012 til 43 prosent i 2018 som kjøpte eller laga julekalender.

– Dette kan tyde på at praksisen med å gi julekalender har svekt seg dei siste åra, seier Sifo-forskar Anita Borch, som står bak undersøkinga.

Miljøvennlege kalendrar

Gjennom media får vi oppmodingar om alternative julekalendrar, til dømes fylte med tenester, tid eller opplevingar familiar kan gjere saman. Borch meiner at både antikommersialisme og miljø blir brukt som grunngiving for å fylle kalendrane med anna enn vi gjorde tidlegare.

– Jula har alltid vore litt todelt. På den eine sida dei gode verdiane med familie og nærleik, på den andre sida kommersialisme og kjøpefest. Det har alltid vore ein kritikk eller ein redsel for at det kommersielle skal overskyggje den eigentlege bodskapen i jula, seier ho.

Borch er derfor ikkje overraska over nedgangen i julekalenderkjøp.

– Kritikken mot kommersialisme har lege der heile tida, og no har vi fått ein grunn til, nemleg miljøaspektet. Dette styrkjer kritikken, men på ein annan måte, seier ho.
Fleire gir gåvekalender

Kvinner gav fleire julekalendrar enn menn, og aldersgruppene 19-26 år og 37-50 år gav fleire julekalendrar enn andre aldersgrupper. Dei fleste gav julekalender til eigne barn, til partnar eller seg sjølv.

Undersøkinga skil mellom «lukekalender» og «gåvekalender» og viser at andelen som gir gåvekalender har gått litt opp. Borch meiner det kjem av at det har komme mange nye kalendrar på marknaden som gjer det vanskeleg å skilje dei to typane frå kvarandre.

Menn gir til kjærasten sin

Det er mange som gir julegåve til seg sjølv eller partnar, spesielt i ein fase av livet der dei ikkje har barn. I 2018 var andelen som gav til partnar høgare blant menn enn kvinner.

– Det kan verke som om kvinner i mindre grad gir julekalender til seg sjølv, og i aukande grad får dei frå partnar, seier Borch.

– Det er mange nye kjøpekalendrar på marknaden, gjerne med vakse gåveinnhald. Ferdigkjøpte gåver er ofte enklare for menn å kjøpe, seier ho.

Kvinner gir meir praktiske ting

Studien viser at fleire kvinner enn menn gav «bruksting» i gåvekalenderen, det vil seie ting som mottakar elles ville ha fått, til dømes tannkost og refleks, og praktiske ting, som klede og leikar. Menn, på si side, gav oftare lodd/tipping.

Borch meiner det kjem av at kvinner er meir sosialiserte inn i gåvegivarrolla. Kvinner er tradisjonelle både slektsbevarere og omsorgsgivarar, og er kanskje litt meir orienterte om kva folk i hushaldet treng. Ho trur likevel det kjem ei endring, og at dei yngre mennene er meir på banen enn fedrane og bestefedrane sine.

Under 500 kroner

I 2018 betalte dei fleste (63 prosent) under 500 kroner for julekalendrane dei kjøpte eller laga. Ei lita gruppe (6 proent) betalte meir enn 1500 kroner. Utgiftene til julekalendrar auka med alder og toppa seg i aldersgruppa 51-66 år. Dei fleste gav etande varer (mat, drikke, godteri). Også klede og leikar var forholdsvis vanleg.

Fakta

Julekalendrar, også kjent som adventskalendrar, blir brukte til å telje ned dei 24 dagane frå 1. desember til julaftan. Tradisjonen starta i Tyskland tidleg på 1900-talet med dekorerte papplater med nummererte luker eller vindauge med små bilete eller gåver bak. I Noreg gav Norsk speidarforbund ut den første adventskalenderen i 1947. På 1950-talet vart han kommersialisert.

Referanse

Annechen Bahr Bugge, Ingun Grimstad Klepp, Anita Borch, Alexander Schjøll, Kirsi Laitala og Vilde Haugrønning: Jul – pynt, gaver, klær og mat (hdl.handle.net). SIFO-rapport nr. 12-2019

Kontakt

Laster inn ...

Relatert forsking

Kvinne i Oslo bærer to plastposer på fortauet
Nordmenn er på plastposetoppen i Europa

Handlevanane våre gjer at vi reduserer plastposebruken i saktare tempo enn våre naboar.

Symaskin og jeans og trådsneller i bakgrunnen.
Klær og hvitevarer må bli bedre og dyrere

Altfor få av oss får tingene våre reparert, viser en ny SIFO-undersøkelse.

Familie lager mat på kjøkkenet
Mye å lære av formødrenes oppfinnsomhet på kjøkkenet

– Vi må få tilbake ærefrykten for maten, sier matforsker Annechen Bahr Bugge.

Publisert: 03.12.2019
Sist oppdatert: 26.07.2024
Tekst: Kjersti Lassen
Foto: Markus Spiske/Unsplash