Når meining druknar i måling

Politikvinne med ryggen til går mot ein bil

Politiet er ein etat som dei seinare åra har vorte underlagd stadig hardare målstyring etter New Public Management-prinsipp. Hensikta har vore å effektivisere arbeid og senke kostnadane, utan at det går ut over kvaliteten. Men har det fungert slik?

– Over 70 prosent av dei eg har spurt meiner mål- og resultatstyringssystemet bidreg til at politiinnsatsen blir styrt mot oppgåver som er lette å måle, men mindre viktige, seier Christin Thea Wathne, seniorforskar ved Arbeidsforskningsinstituttet, OsloMet.

Wathne har forska på leiing og styring i politiet i ei årrekkje, og har mellom anna skrive eit doktorgradsarbeid om emnet. No kjem forskinga hennar i bokform.

Wathne har utført to store spørjeundersøkingar, intervju og dokumentanalysar. Ho finn mellom anna at mellom anna at det blant polititilsette utan leiaransvar er under ti prosent som seier dei opplever målstyringssystemet som motiverande.

– Når svært få opplever mål- og resultatstyringa som motiverande, kjem av det at ho fokuserer på mindre viktige sider i arbeidet. Den er blind for oppgåver som ikkje kan teljast og den stelaren tid frå det politifolket sjølv meiner er viktigare oppgåver. I tillegg blir den ei form for detaljstyring som går ut over god leiing, seier forskaren.

To av ti pyntar på tal

Wathne finn samtidig at to av ti politifolk «pyntar på tala», og at dette først og fremst går føre seg blant tilsette som er kritiske til målstyringa.

– Dei pyntar ikkje på tala for å oppnå påskjønning. Dei gjer det fordi dei meiner systemet er feil rigga. Dei gjer andre faglege prioriteringar, fortel ho.

– I praksis kan det bety at dei ønskjer å løyse ein konflikt med ord og forhandling på staden, heller enn å opprette sak. Sjølv om det står i lova at politiet helst skal løyse problem gjennom opplysning, råd og førebyggjande arbeid, er det ikkje nødvendigvis det dei blir talde på. Det er vanskeleg å telje ikkje-saker. I prinsippet kan ein polititilsett som er ein veldig dyktig diplomat oppnå dårleg skår i tall.

Medverknad gir meining

Men biletet er ikkje berre dystert. Dei delane av politiet der målstyringa får størst gehør er der dei tilsette sjølv har vorte tekne med i arbeidet med å fastsetje kva som skal målast og korleis. Då blir teljinga opplevd som meiningsfylt.

– Svært forenkla kan vi seie at det er litt som i Prøysens forteljing om den vesle geitekillingen som kunne telje til ti. Å bli talt utan at teljinga har ein funksjon, skaper frustrasjon. Når dei ser poenget med teljinga – som i Prøysens historie er når alle er i ein båt med plass til maks ti – sest teljing som noko konstruktivt. Det gjeld også målstyring.

Tilpasse terreng til kart

Wathne påpeikar at ein viktig del av ideen bak målstyring har vore at ein stadig skal lære og utvikle målesystemet basert på erfaringar, men at dette sjeldan blir gjort i praksis. I staden for å justere måleinstrumentet, tilpassast arbeidet.

– Eit hovudproblem når ein bruker ein økonomisk modell på ein velferdsetat er at ein gløymer at ikkje alt kan teljast, konstaterer Wathne. Viss all merksemd skal rettast mot arbeid som kan talfestast er ho bekymra for kva som vil skje med «det andre» politiarbeidet.

– Polititilsette blir motiverte primært av å bidra positivt til samfunnet, seier forskaren.

– Dei opplever det å avvise publikum som meir belastande enn truslar og vald. Vi veit at tre av fire politifolk opplever at dei må avvise hjelpetrengande publikummarar éin eller fleire gonger i veka. Det er sannsynleg at dette går ut over motivasjonen hos kvar enkelt polititilsett over tid, seier forskaren.

Referanse

Christin Thea Wathne: Målstyring i politiet. I teori og praksis, Cappelen Damm Akademisk, 2018.

Denne saka vart opphavleg publisert på hioa.no/vitenogpraksis 2. mai 2018.

Kontakt

Laster inn ...
Forskningsartikkel av:
Arbeidsforskningsinstituttet AFI
Publisert: 25.10.2018
Sist oppdatert: 06.08.2024
Tekst: Katrine Ziesler
Foto: Scanpix
Portrett Anette Aarup
Bør du velge utdanning med hodet eller hjertet?

OsloMet-student Annette Aarup (23) valgte mest med hjertet.

Ung mann som lener seg mot ein graffitifylt vegg.
Difor har ungdom vorte mindre valdelege

Valdsbruken blant ungdom er halvert dei siste åra.

Portrett av mann med bart på et lager
Kva skjer dersom fleire jobbar til dei blir 70?

Langt fleire kan jobbe fram til dei blir 70 utan at det går ut over frivillig arbeid eller familieomsorg.

Bibliotekinteriør, OsloMet Kjeller
Litteratur som krisehjelp

Kan livet ditt forandra seg gjennom å lesa skjønnlitteratur?

Gutt som ser inn i kameraet med en annen gutt som  skimtes uskarpt i bakgrunnen.
Mindre framtidsoptimisme blant ungdom

Norske ungdomar er meir involvert i problemåtferd og trua på framtida har blitt svekka.

Putekrig
Meiner småbarn har godt av litt lekeslåssing

Det er leik som er bra for barna, sjølv om det kan enda med gråt, meiner forskar.