Forskarar: Plan- og bygningsloven bør endrast

Arkitekt som jobbar med ei planteikning.

Ti år etter at Lov om planlegging og byggjesaksbehandling (plan- og bygningsloven) vart vedteken i 2008, er planleggingsdelen av loven vorte evaluert.

20 forskarar frå ei rekkje universitet og forskingsmiljø over heile landet har dei siste fire åra arbeidd med evalueringa. Arbeidet har vore leidd av seniorforskar Gro Sandkjær Hanssen ved By- og regionsforskingsinstituttet NIBR, OsloMet.

Fleire funn

Forskarane har gjennom både juridiske og samfunnsfaglege studiar klargjort korleis loven fungerer og kjem med ei rekkje forslag til endringar. Forskarane finn mellom anna at:

Bør bli betre på klima, naturmangfald og sosial berekraft

I formålsparagrafen i loven heiter det at «loven skal framme berekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar.» Vidare heiter det at det skal leggjast vekt på langsiktige løysingar, og at loven skal bidra til å samordna statlege, regionale og kommunale oppgåver.

– Loven bør endrast for å gi oss eit betre verktøy for å nå vedtekne ambisiøse politiske mål knytt til klima, naturmangfald og sosiale utfordringar, seier Hanssen.

Portrett Gro Sandkjær Hansen

Om evalueringa

Den forskingsbaserte evalueringa har vore leidd av By- og regionsforskingsinstituttet NIBR ved OsloMet, i samarbeid med:

Universitetet i Tromsø
Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU)
Høgskulen i Innlandet
Forsknings- og innovasjonsselskapet NORUT
Transportøkonomisk institutt (TØI)

Oppdragsgivar Kommunal- og moderniseringsdepartementet løyvde 12,5 millionar til prosjektet som vart lyst ut gjennom Forskingsrådets DEMOSREG II-program.

Resultata er no samla i to bøker som blir gitt ut på Universitetsforlaget. Hovudkonklusjonen frå evalueringa er at loven fungerer godt og har høg legitimitet, men forskarane tilrår likevel fleire endringar for betre ivaretaking av viktige mål som politikarane sette for loven då ho vart vedteken i si tid.

– Plan- og bygningsloven har eit potensial for å bli ein felles arena for samfunnsutvikling og ein viktig reiskap for å realisera det grøne skiftet, meiner Nils Aarsæther ved Norut. Aarsæther er tidlegare professor i samfunnsplanlegging og kulturforståing ved UiT, og har saman med Hanssen vore redaktør på dei to bøkene.

Samordninga bør styrkjast

Forskarane finn òg at koplingane i loven til konseptvalutgreiingar, sjukehuslokaliseringar og tiltak etter energiloven er mangelfulle.

Det er eit problem at enkelte sektorlov ikkje er tilstrekkeleg koordinert med plan- og bygningsloven, og at desse sektorane nærast har kunna operera utanfor rammene i loven, meiner jurist og førsteamanuensis Nikolai K. Winge ved Institutt for offentleg rett, UiO, og peikar mellom anna på energi- og petroleumsnæringa.

At lokaliseringa av nye sjukehus har kunna bli både greidd ut og vedteke ute i helseføretaka før planprosessane og balanseringa av ulike omsyn byrjar har skapt mykje støy og har vore eit demokratisk problem, argumenterer Hanssen.

Vidare meiner forskarane at loven har eit behov for å inkludera prinsipp og system for å berekna - og fordela - planskapte verdiar, for i større grad å sikra økonomisk berekraftig utvikling. Dei meiner òg at det trengst fleire verktøy eller ordningar for at kommunane som folkevalde organ skal kunna ta strategiske grep i planlegginga.

Dei argumenterer òg for at dei nye fylka bør få ei større koordinerande rolle gjennom regionale planlegging, og at regionale planar bør bli juridisk bindande for kommunane som forpliktar seg til slike.

Ein godt likt lov

Loven nyt høg legitimitet, og er godt balansert med omsyn til rammer for nøkkelaktørar. Vidare finn forskarane at loven er tufta på ein tung arv frå arealplanlegginga, men at samfunnsplanlegginga har vorte styrkt dei seinare åra - både i loven og i praksis.

Statssekretær Lars Jacob Hiim (H) fekk evalueringsrapportane på vegner av oppdragsgivar Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som i si tid løyvde 12,5 millionar til prosjektet som vart lyst ut gjennom Forskingsrådets DEMOSREG II-program.

– Me vil bruka tid på oppfølginga av evalueringa, og grundig vurdera behovet for endringar. Men konklusjonen vår er at plandelen av loven i hovudsak fungerer etter hensikta, og me ser ikkje eit behov for nokon full revisjon av loven, sa Hiim.

Hiim påpeikar at evalueringa avdekkjer at planpraksis i kommunane kan bli betre. Mange kommunar manglar plankompetanse, og det å styrkja den kompetansen er ei viktig grunngiving for Regjeringa i samband med kommunereforma.

Referansar

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 06.09.2018
Sist oppdatert: 13.07.2023
Tekst: Jan-Tore Berghei
Foto: Daniel McCullough, Unsplash
Skjærebrett med tomater som noen kutter med kniv samt agurkskiver
Vi spiser ikke mindre kjøtt for miljøets skyld

Svært få av oss er villige til å legge om livsstilen for miljøets skyld.

Illustrasjonsbilde
Så mye koster barna deg

Det koster fort over 20 000 kroner i måneden å drifte en familie på to voksne og to barn.

Bygårdsfasader med vinduer og balkonger
Levekårsproblemene hoper seg opp hos innvandrere

Tre ganger så mange innvandrere har økonomiske problemer og dårlige boforhold sammenliknet med befolkningen ellers.

Ungdom som tar selfie
Jo fleire selfies, desto meir kjøper du

Gjennom selfies påverkar ungdom kvarandre til å kjøpa endå meir.

Lærer som korrigerer notatene til en elev
Hvorfor er det viktig at lærere og andre profesjoner skal kunne ytre seg fritt?

Hva skjer med styringen av profesjonene og i hvilken grad tør man å uttale seg overfor makten i dagens norske arbeidsliv?