I doktorgradsavhandlinga si har Thea Bertnes Strømme ved OsloMet forska på samanhengen mellom sosial ulikskap og utdanningsval.
Ho har brukt SSB-data for heile den norske befolkninga i perioden 2003 til 2013, og har studert vidaregåandevala til alle norske tiandeklassingar.
Forskinga viser at valet til elevane blir påverka av den økonomiske og sosiale statusen til foreldra.
Men kanskje meir overraskande: Klassetilhøyrselen til medelevane har også noko å seie for kva utdanning elevane vel, uavhengig av kva klassetilhøyrsel dei sjølv har.
Foreldre med meir ressursar involverer seg meir
Saman med OsloMet-professor Håvard Helland har forskar Strømme undersøkt korleis foreldre involverer seg i skulekvardagen til barna – og kva planar dei har for den vidare utdanninga til barna.
Dette har ho sett i samanheng med kva ressursar foreldra har.
– Frå tidlegare forsking veit vi at familiar med ulike former for ressursar kan ha ulike haldningar til utdanning. Mellom anna har det vist seg at det er forskjell på arbeidarklassen og middelklassen, seier Strømme, som er stipendiat ved Senter for profesjonsforsking ved OsloMet.
Ressursar i denne samanhengen treng ikkje berre å vere pengar. Det kan også vere eigenskapar knytt til kunnskapen, utdanninga og kommunikasjonsevnene til foreldra, altså kulturelle ressursar.
Forventningar frå foreldre
Forskinga viser at måten foreldra involverer seg på, nettopp heng saman med kva slags ressursar dei har:
– Resultata våre viser at foreldres økonomiske ressursar har ein sterkare samanheng med «noverande involvering» i kvardagen til barna, som å involvere seg i lekser og deltaking i foreldremøte.
– Når vi ser på betydninga av kulturelle ressursar finn vi ein større samanheng med meir langsiktige forventningar om at barna skal ta høgare utdanning, seier ho.
Men begge formene for ressursar har likevel betydning for kor mykje foreldra involverer seg i utdanninga til barna, både til dagleg og på sikt.
– Jo meir ressursar dei har, anten det er økonomiske eller kulturelle, jo meir involvert er foreldra i utdanningskvardagen og forventningane barna har til vidare utdanning.
30 prosent av studentar både innanfor jus og medisin har foreldre som er innan dei ti prosentane som har høgast inntekt i Noreg.– Thea Bertnes Strømme
Medelevars klassetilhøyrsel påverkar utdanningsval
Forsking har tidlegare vist at elevars klassebakgrunn har noko å seie for om dei vel studieførebuande eller yrkesfag på vidaregåande.
I Strømmes analysar av norske tiandeklassingar fann ho også ein samanheng mellom klassebakgrunnen til medelevar på same skuletrinn og kva vidaregåande-utdanning elevane vel.
– Resultata mine viser at det er større sjanse for at ein veljar studieførebuande på vidaregåande om det er ein høg del overklasseelevar på skulen, uavhengig av kva klassebakgrunn ein sjølv har.
Strømme legg til at det likevel er den individuelle klassebakgrunnen som har mest å seie for vidaregåande-utdanninga:
– Eg finn at individuell klassebakgrunn er det som betyr mest, men at klassesamansetninga på skuletrinnet også har noko å seie for kva ein veljar.
Sosialt miljø har noko å seie
Det er ifølgje Strømme vanskeleg å seie konkret kvifor det ser ut til at overklasseelevane trekkjer med seg andre elevar over til studieførebuande, men ei mogleg forklaring er at det sosiale miljøet rundt ein kan ha ein påverknad på kva utdanning elevane vel:
– Mykje kan tyde på at elevar blir påverka av kvarandre når dei tek utdanningsval. Ein del teoriar framhevar at utdanningsval ikkje blir gjort i éin augneblink, men kan sjåast på som ein del av ein lengre relasjonell prosess. Ein kan tenkje seg at miljøet ein er i kan ha noko å seie for korleis denne går føre seg, seier ho.
Vi vel som foreldra våre
Innanfor høgare utdanning gjer sosiale forskjellar seg særleg gjeldande innanfor nokre studiar, som jus og medisin.
Saman med professor Marianne Nordli Hansen har Strømme studert rekruttering til desse utdanningane i perioden 1986 til 2011.
Det viser seg at det er ein stabil samanheng mellom det å ha ein forelder med same utdanning og sjansane for å velje utdanninga sjølv.
– Resultata våre viser at om du har foreldre som har studert jus, er sannsynet mykje større for at du vel – og fullfører – utdanninga enn om foreldra ikkje har den yrkesbakgrunnen. Det same gjeld for medisin, seier Strømme.
Mykje kan tyde på at elevar blir påverka av kvarandre når dei tek utdanningsval.– Thea Bertnes Strømme
Fleire kvinner – same mønster
Sjølv om fleire kvinner og innvandrarar har komme til i studiane, har det gjort lite med desse mønstera:
– Den relative samanhengen er ganske stabil over tid. Dette er sjølv om det har vore ein stor auke i studentar i heile utdanningssystemet, også i desse utdanningane i perioden vi undersøkjer. Kvinnene kjem i like stor grad som mennene frå høginntektsfamiliar eller har foreldre med same utdanning.
Forskaren fann også ein samanheng mellom det å studere med jus eller medisin og å ha foreldre som tilhøyrer dei ti prosentane med høgast inntekt i Noreg.
Sjølv om andelen sokk litt i byrjinga av perioden er det også i dei siste åra ein sterk overrepresentasjon av studentar frå høginntektsfamiliar:
– I 2011 hadde over 30 prosent av studentane både innanfor jus og medisin foreldre som inngjekk i dei ti prosentane som har høgast inntekt i Noreg.
Ei mogleg årsak til at ein del av jus- og medisinstudentane har valt å studere akkurat det same som foreldra sine trur Strømme kan vere impulsane dei har fått heime:
– Det å velje akkurat same utdanning som foreldre kan handle nettopp om kva ein har lært heime og snakka om rundt middagsbordet, og at ein har fått interesse og kompetanse heimanfrå. Dataa våre seier ikkje noko om dette, men det kan vere ei mogleg forklaring.
Framleis sosial reproduksjon i Noreg
Strømme meiner forskinga kan tyde på såkalla sosial lukking:
– Desse mønstera går inn i det som ofte blir kalla sosial lukking, der enkelte grupper i samfunnet både på formelle og uformelle måtar kan ha fordelar i utdanningssystemet slik at ein i andre grupper har mindre sjanse for å komme inn.
Ho synest funna er påfallande sidan utdanningane blir tilboden på offentlege universitet og ikkje private eliteskular som i mange andre land:
– Mange vil nok synast det er litt overraskande å finne denne typen mønster i Noreg i det heile, og det er interessant at det har vore så lite endring over tid.
– Sjølv om utdanningssystemet har mange egalitære trekk ser vi at sosial reproduksjon framleis er eit framståande trekk også i Noreg.
Referanser
Strømme, T.B.: Educational Decision-Making: The Significance of Class and Context. Doktoravhandling ved OsloMet. (2019)